Vi inviterer små og store til dagar med påskekrim, aktivitetar og påskestemning!
Dette kan du vere med på:
I utstillingssalen kan du nålefilte små figurar eller påskekegg, og lage påskekyllingar av klesklyper.
Her er også høve til å teikne og fargelegge.I Huus-stova kan du sette deg ned og nyte medbrakt mat, og spele brettspel.
Musa Pia er tilbake! Årets påkekrim "Pia og dei forsvunne påskeegga" løyser du i friluftsmuseet. Krimmen er ein del av tilboda desse dagane, og det vankar ein liten premie til dei som løyser den. Hendvend deg i resepsjonen, så set vi deg igang!
Prøve uteleikar i tunet.
Guida tur på stølen med museumsleiar Sallie. Oppmøte utanfor besøksbygget. Ein må kle seg etter været. Dei guida turane startar på følgande tidspunkt:
Måndag 14. april, kl. 13.00
Tysdag 15. april, kl. 13.00
Onsdag 16. april, kl. 11.00
I resepsjonen får du kjøpt vaflar og kioskvarer som kjeks, sjokolade, kaffi/te og brus. Vi har nokre glutenfrie varer.
Sitteplassar finn du i resepsjonen, Huus-stova og Halbrendhuset. Ta gjerne med deg matpakken og nyt den i ei av stovene.
Museumsbutikken er open, og her kan du kjøpe varer som bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker og handverksprodukt.
