Sunnfjord Museum
To påskeegg og ei lita tøymus står i graset.

Påskedagar på Sunnfjord Museum

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Vi inviterer små og store til dagar med påske-rebusløype, aktivitetar og påskestemning! Vi er ope måndag og tysdag kl. 10.00-15.00.

Dette kan du vere med på:

  • I Huus-stova kan du nålefilte små figurar, lage påskepynt i papir, teikne og spele brettspel.

  • Musa Pia er tilbake! Denne gongen dukkar det opp nokre mystiske symbol som fører den nyfikne musa ut på leit i museumstunet. Rebusløypa løyser du ute i friluftsmuseet, og som alltid vankar det ein liten premie til dei som er med. Hendvend deg i resepsjonen, så set vi deg igang!

  • Prøve uteleikar i tunet.

  • Guida tur på stølen med museumsleiaren Sallie. Oppmøte utanfor besøksbygget. Ein må kle seg etter veret og ha på gode sko. Turane startar kl. 13 begge dagane og varer i om lag 1 time.

sunnfjord-museum/paske_2026.png.
T.v.: Du kan bli med på ein guida tur til stølen. Vi håpar på fin vårsol. T.h.: Bli med og løys påske-rebusløypa! Stabbursmusa Pia må igjen ut på eventyr, og denne gongen kan du bli betre kjend med ulike symbol som finst på museet.

I Halbrendhuset får du kjøpt vaflar og kakao (Sjølvbetjening og betaling med Vipps).

I resepsjonen sel vi kioskvarer som kjeks, sjokolade, kaffi/te og brus. Vi har nokre glutenfrie varer. 

Sitteplassar finn du i resepsjonen og i Halbrendhuset. Skulle det bli sol anbefalar vi å sitte i solveggen ved Huus-stova eller Østenstadstova. Hugs sitteunderlag. MERK: all bruk av eld og grilling er forbode på museumsområdet.

Museumsbutikken er open, og her kan du kjøpe varer som bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker og handverksprodukt.