Bli med på aktivitetsskulen Sommarleik!
Sommarleik er tre aktivitetsdagar for born i alderen 10 - 13 år, og i år blir den gjennnomført 23.-25. juni, alle dagar klokka 09.00-15.00.
Dette er tredje året vi arrangerer eit slikt tilbod. Vi ønsker spesielt velkomen til born som ikkje har vore med på Sommarleik tidlegare.
Vi legg vekt på at vi skal ha det moro og lærerikt. Borna skal få prøve seg på ulike aktivitetar, og få utfordringar, kjenne meistring og få nye vener. Rammene for dei tre dagane er museet og museumsområdet, og vi skal vere MYKJE ute og litt inne.
På Sunnfjord Museum er vi også ut i båt på Movatnet som ligg rett nedanfor friluftsmuseet. Borna får lære å ro og sette garn. I 2023 fekk vi ca. 350 aure på dei tre dagane vi sette garn og fiska med borna. Alt laga vi nydeleg middag av, og det skal vi etter planen også gjere i år. Vi håpar på bra fangst!
Fisk kjem difor til å stå på menyen når vi har lunsj.
Borna skal også vere med å sløye fisk.
Det er difor ein god idé å førebu borna på dei aktivitetane vi har desse dagane.
Det er bindande påmelding!
Fristen for påmelding er 13. juni.
Tidspunkt for Sommarleik: 24.- 26. juni, Klokka 09.00 - 15.00, alle dagar.
Når du trykker på knappen for påmelding til Sommarleik kjem du vidare til Museumsbillett. Her står berre måndag 23. juni oppført som valg. Men, prisen på kr. 900,- er altså for alle tre dagane; måndag 23. juni - onsdag 25. juni kl. 09-15.
Pris: Kr. 900,- pr. barn.
Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå til oss så fort som mogleg. Ring 57 72 12 20 eller send epost til sum@misf.no.
Ved avlysing, i tilfelle av ufortsette hendingar frå arrangør si side eller for få deltakarar, refunderast fullt kursbeløp til deltakaren.
Kurset har plass til 15 born.
Vi har ikkje høve å sette opp venteliste.

Aktivitetar på Sommarleik:
Smiing med handverkar Knut Arve
Husflidsaktivitetar og ymse med museumspedagog Nina
Spikking og arbeid i tre på verkstaden, med handverkar Stig
Roing i båt, sette/dra garn og sløying av fisk. Dette vert organisert av fire karar frå Movika Not- og samkomelag.
Småaktivitetar undervegs som å klappe geitene, spikke, leike.

Ta kontakt med museumspedagog Nina Renate Brendsdal på
tlf. 41 42 19 59 eller send ein e-post til ninbre@misf.no.