Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/utstilling/skakkefolkedrakter/arrangementsheader-1.png.

Utstillingsopning: Skakke folkedrakter

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord museum

Frå Nasjonalmuseet i Oslo, via Valdres og Kautokeino kjem utstillinga Skakke folkedrakter til Movika og Sunnfjord Museum. 19. november opnar vi denne viktige og spennande utstillinga!

Bunadar, samiske kofter, folkedrakter og andre kulturelle symbol kan få deg til høyre heime, men også til å kjenne deg utanfor, skamfull og sint. I Skakke folkedrakter, som er langt frå ei draktutstilling, har dei seks samtidskunstnarane Harald Beharie, Lin Wang, Márjá Karlsen, Rafiki, Christian Blandhoel og Håvard Kranstad utforska og utfordra draktskikkar, identitet og handverkstradisjonar. Resultatet er ein hyllest, så vel som eit opprør.

Selv om «Skakke folkedrakter» er en liten utstilling, går jeg ut med en følelse av å ha opplevd utrolig mye – sterke verk, interessante tanker og vanskelige spørsmål! Dette er en utstilling jeg varmt anbefaler." skriv Mona Pahle Bjerke i NRK si anmelding av utstillinga.

Flytande kjønnsidentitet og sint bandvev

Dei seks kunstnarane bak utstillinga har ein variert bakgrunn, og du møter eit spenn av ulike kunst- og kulturuttrykk. Du møter bygdebøgen, tekstilkunst med limpistol, tradisjonelle flytande kjønnsidentitetar og sint bandvev. Vi håpar at utstillinga kan utfordre deg, og resten av publikum, til å tenke på symbol og idear som har forma di, og andre si, sjølvforståing og historie. Du kan lese meir om kunstarane på Nasjonalmuseet sine nettsider.

sunnfjord-museum/utstilling/skakkefolkedrakter/skakke-folkedrakter-pa-valdres-folkemuseum_foto-andreas-harvik-(2).jpg.
Skakke folkedrakter opna på Valdres Folkemuseum juni 2023.

Førebels program

15:30 Dørene opnar  

16: 00 Opning av utstillinga.

  • Velkommen ved Sunnfjord Museum

  • Helsing frå Nasjonalmuseet ved Eli Solberg, formidlingskurator

  • Opning av utstillinga ved Anita Nordheim, kommunalsjef for idrett og kultur i Sunnfjord kommune.

Enkel servering og gratis inngang.

Skakke folkedrakter, ikkje ei draktutstilling er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet. Fram til 2025 skal den vandre rundt i Noreg og Sápmi. Utstillinga står på Sunnfjord Museum til 17. mars 2024.

Utstillinga er utvikla i samarbeid med ei rekke eksterne faglige og kunstneriske rådgjevarar og drakttilvirkarar, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, 
Museum Stavanger og Bodø kulturhovedstad 2024. Prosjektet er initiert av Nasjonalmuseet.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

21. desember 2024 — 31. januar 2025
Vi held stengt. Ta kontakt for meir informasjon.

Prisar

  • Vaksne: 120 kr
  • Honnør/Student: 90 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde