Veit du kva ein kabylsk vev er for noko?
Kom til vinterferiedagar på museet og finn det ut!
Det vert aktivitetar inne og ute på museumsområdet.
På verkstaden kan du prøve å smi eller spikke. Her kan du også lage ein kabylsk vev som du kan prøve å veve på.
I Huus-stova kan du lage fastelavensris, og du kan prøve uteleikar i tunet.
I vinterferien opnar vi også den nye utstillinga vår, Livreddaren. Utstillinga er eit dokumentarisk portrett av den norske spelsauen, og er sett saman av fotografi, tradisjonelt handverk og installasjonen "Uggloa" der du kjem tett innpå ulla med bruk av ulike sansar. I utstillinga kan du også prøve å karde ull og spinne på rokk.
Det er open museumsbutikk med fine varer til sals. Her sel vi også kaffi og kioskvarer.
Vaksen, honnør, student: kr. 75
Barn: kr. 25
Hjartleg velkomen!
Toppfoto: Kvernhuset i friluftsmuseet. Foto: Nina R. Brendsdal, Sunnfjord Museum