Velkomen til vinterferiedagar på museet, måndag 17. og tysdag 18. februar!
Du finn lærerike og kjekke aktivitetar for både små og store, som varer frå kl. 10-15 begge dagane.
Du kan prøve:
Spikking på verkstaden saman med handverkarane Stig og Ole. Dei viser deg korleis du kan bruke spikkekniv til å lage noko i tre, og jobbe i trevirke.
Smiing utanfor verkstaden saman med handverkar Knut Arve. Gjer opp merksam om aldersgrense på 10 år.
Takkebakst i Eldhuset. Bak ei kake saman med Kristine! Kaka kan du nyte i Eldstova, saman med ein kopp kaffi eller kakao som du får kjøpt i stova (betaling med Vipps)
Rebusløype. Gå frå post til post på museumsområdet. Oppgåveark får du utlevert i resepsjonen.
Bogeskyting i Sersjantløa. Spenn bogen og prøv å treffe blinken! I løa står museumsverten Knut Arild klar og viser deg korleis du skal skyte. Vi ønskjer at føresett er med barnet.
Kreativie aktivitetar i utstillingssalen saman med museumsleiar Sallie. Ho viser deg korleis du kan lage ein snøkrystall i papir. I salen finn du også vevar og utstyr til fletting. Bandet du vever eller fletter kan du feste på ein nøkkelring.


På vinterferiedagane får du kjøpt vaflar i resepsjonen. I tillegg sel vi kioskvarer som kjeks, sjokolade, kaffi/te og brus. Vi har nokre glutenfrie varer.
Sitteplassar finn du i resepsjonen og Huus-stova. Ta gjerne med deg matpakken og nyt den i ei av stovene.
Museumsbutikken er open, og her kan du kjøpe varer som bøker, gåveartiklar, tradisjonelle leiker og handverksprodukt.
Tilkomst: Friluftsmuseet har grusveg, med varierande tilkomst. Det er avgrensa tilgang for rørslehemma besøkande i dei antikvariske husa. Utstillingssalen har tilkomst på baksida av besøksbygget.
Du får kart over museumsområdet som viser veg til dei ulike aktivitetane. I tillegg er det skilt på området.
Nokre av aktivitetane skjer ute i museumstunet og inne i dei antikvariske husa. Ikkje alle husa er oppvarma, så det er viktig å kle seg godt.
Museet har gratis parkeringsplass for besøkande. Er det fullt kan du køyre inn til landbruksskulen på Mo og parkere der, og deretter følge Mostien til museet.
Billetprisar:
Vaksne: kr. 130,-
Honnør/stud.: kr 100,-
Barn opp til 18 år kjem gratis inn!