De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/94e5f837-d418-4c83-912c-db727c9e7b37-wml.jpg.
Publisert 21/02/2023
Av Henning A. Hellebust

Sommarjobben med dei største nøklane?

Musea i Sogn og Fjordane skal tilsette sommarvertar frå Kinn i vest til Sogndal i aust. Tidlegare sommarvert Nadia Romero Nardelli tykte sommarjobben ved Sunnfjord museum var ein perfekt måte å komme inn i arbeidslivet på.

– Velkomen skal du vere, seier Nadia Romero Nardelli, og bryt ut i eit stort, smittande smil. Ho står i døra på Sunnfjord museum, no som fast tilsett museumsvert. Nøkkelknippet ho held, opnar dører til fortida, til fleire hundre år gamle lafta bygg og levde liv i Sunnfjord.

– Hovudoppgåvene til sommarvertane er å ta imot gjester, selgje billettar, orientere om tilbodet vårt,

de-heibergske-samlinger/77c39493-e057-4336-a208-35eeccf1fb78-wml.jpg.
Det er alltid noko å ta seg til som sommarvert på museum.

fortelje om utstillingane og guide besøkande i tunet. Det er veldig varierte oppgåver, seier ho.

Jobbar i "heile" Sogn og Fjordane

Sommarjobbane i Musea i Sogn og Fjordane vil nok variere litt alt etter kva museum det gjeld. Nokre stader er det kafé, tilboda og dermed oppgåvene vil variere. Men vertskapsrolla er i sentrum. På dei Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i Kaupanger, har vi dessutan ei ledig sesongstilling som gardsmedarbeidar. Akkurat no har vi lyst ut ledige stillingar i Kinn, Sunnfjord, Hyllestad, Gloppen og Sogndal kommunar.

Søknadsfrist er 25. februar. Følg med på sida for fleire stillingar framover, også frå kunstarenaene våre. Nærare 40 personar skal tilsetjast.

– Som sommarvert tykkjer eg dei viktigaste eigenskapane er å vere serviceorientert. Det finst alltid måtar å hjelpe gjestene på, til dømes gje dei tips om kvar dei kan dra vidare. Dessutan er det lurt å vere sjølvgåande. Her er det alltid ting å gjere, sjølv om det i periodar kan vere lite besøk. Då gjeld det å ta tak der det er behov, anten det er å hente ei rømt geit eller passe på at det er fint og ryddig i tunet. Ein må vere vaken, seier Nadia.

Lærer å utfordre seg sjølv

Gjestene på musea våre kjem frå heile verda. Nokon likar å gå for seg sjølv, andre vil ha omvising og stiller mange spørsmål.

– Kanskje kjem det folk som ikkje snakkar dei språka du kan. Då er det berre å opne døra og prøve seg, finne ein måte å gjere seg forstått. Du lærer å jobbe med barn, og du lærer å vere fleksibel – du må sjå gjestene an og prøve å tilpasse deg deira behov. Er det eit arkitektpar som kjem, kan vi dreie meir inn på byggeskikk, er det familiar med barn, kan vi til dømes snakke meir om tussar, troll og folketru, seier Nadia.

– For meg var det ein perfekt måte å komme inn i arbeidslivet på, det var min første jobb her i Sunnfjord. Det gav meg erfaring med språk og det å ha kollegaer av ulik alder som behandla meg med respekt. Det var kjempeviktig for meg. Og så får ein spisskompetanse – mannen min seier at eg må vere den frå Paraguay som kan mest om Sunnfjord, ler ho

de-heibergske-samlinger/727effa4-29a8-4702-8031-44d16919af19-wml.jpg.
Fleire av musea har eit bra utval av bøker i museumsbutikkane sine.

.

– Det kan vere vanskeleg for folk å flytte til Førde, fordi staden er så liten, men på museum føler du at du har kontakt med verda utanfor, fordi du møter så mange nasjonalitetar. Det er veldig gjevande. Dessutan kan eg mange språk, så eg kjenner meg veldig nyttig. Det er kjekt å kunne bruke dei eigenskapane. Gjestene set veldig stor pris på det om nokon kan språket deira, seier ho.

Bakstekjerring frå Sunnfjord

Sikkert er det at jobben kan by på variasjon, opplevingar og uventa vendingar. Ein dag kan det komme tre bussar med gjester som skal ha guiding. Andre dagar regnar det og det kjem lite folk. På Sunnfjord museum har dei familiedagar annankvar torsdag i sommarferien, og då kan det vere slåttonn og hesjing ein dag, ein anna torsdag handlar det om ull.

–Etter ein travel dag kan ein bli sliten, men du kjem alltid heim med mange gode historiar. Det skjer jo alltid noko med turistar, det er alltid eitt ellar anna løye dei spør om, ler Nadia, som røpar at ho har fått nye og overraskande interesser etter at ho byrja å jobbe på museet.

– Eg tullar litt med at eg har blitt ei slik bakstekjerring. Eg har blitt heilt forelska i tradisjonsbakst. Så du kan finne interesser du kanskje ikkje viste noko om. No sit eg på kontoret med ein grindvev. Plutseleg vart eg glad i å bruke grindvev, på grunn av utstillinga vi har oppe. Alltid noko nytt å lære, avsluttar Nadia.