De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger

Om museumstilbodet

Velkomne til eit av norges største og eldste folkemuseum! Opplev levd liv i Sogn blant våre bortimot 40 historiske bygg, og spennande utstillingar. 

Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangvegar og stiar, leikeplass og naturløyper, som gjer museet til eit attraktivt turområde for store og små. 

Store delar av kulturlandskapet på museet er knytt til 1800-talets jordbruk, og i sommarsesongen driv museet ein gard slik dei gjorde i Sogn for om lag 150 år sidan.

Museumsgarden skapar liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon. På garden kan de helse på dyr av eldre, lokale rasar, mellom anna kyr, sau, gris og høner. 

I museet sin store hovudbygning finn ein tre etasjar med utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre. Ein kan sjå gamle handverkstader, gå på besøk til det gamle tannlegekontoret eller kika inn i den gamle krambua. Ei eiga utstilling for born og unge syner korleis bornas kvardagsliv arta seg på starten av 1900-talet og korleis unge sogningar hadde det i år 2000. Her er det leike- og aktivitetsområde der borna kan prøve seg på gamle leiker.

de-heibergske-samlinger/MSF-00056--Foto_Thomas_Bickhardt.jpg.
Foto: Besøkjande helsar på grisen på museet. Thomas Bickhardt/BickFoto.