Holvikejekta
Dame med hjelm og arbeidsvest som strekk armane i veret.
Publisert 30/01/2025
Av Henning A. Hellebust

Jublar over heimkomst, inviterer til folkefest

I går kom Holvikejekta i hus, og den 6. juni skjer det endeleg. Då opnar dørene til nytt verne og formidlingsbygg. Lubna Jaffery opnar, artistar spelar opp, vi inviterer til fest.

Det tok nokre nerveprirrande timar. Centimeter for centimeter vart Holvikejekta dratt og skubba framover togskinner ved hjelp av Hardanger Fartøyvernsenter. Klokka halv fire den 29. januar 2025 var ho komen til sin sluttdestinasjon.

– Å få den under tak var ein viktig milepel. Det er ei stor glede og lette å vite at Holvikejekta no blir bevart for framtida og at publikum kan få oppleve ho i generasjonar framover. Det neste store er opninga i juni, då bygget er ferdig og vi kan feire i lag med innbyggjarar og besøknade, seier Anne Kristin Moe, museumsleiar ved Nordfjord Folkemuseum.

Jublande gjeng står under hekken på gamal trebåt.
Her jublar flyttegjengen frå Hardanger Fartøyvernsenter, Anne Kristin Moe og prosjektleiar Øyvind Tåsåsen over å ha fått jekta i hus. No har Veidekke tre månader på å gjere bygget ferdig.

Då Holvikejekta vart sjøsett i 1881, var det folkefest på Sandane. Dei feira framtidshåp med ny båt. Den 6. juni 2025 feirar vi både fortida og framtida. Vi feirar at kulturskatten får ein ny heim, og kva denne nye heimen kan føre med seg for framtida til Sandane.

Kulturministeren vil opne

– Opninga markerer slutten på eit prosjekt som har gått føre seg i snart 120 år, så det fortener ein skikkeleg fest. Vi er veldig glade for at kultur og likestillingsminister Lubna Jaffrey tek turen. Det er ei ære å få fullføre dette prosjektet på vår vakt, eg trur mange føler det slik, seier Jan Heggheim, administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.

Journalist fotograferer to personar med gul hjelm og arbeidsvest.
Jan Heggheim og Anne Kristin Moe.

Den 24. april tek Musea i Sogn og Fjordane gjennom Nordfjord Folkemuseum over bygget frå entreprenør Veidekke, etter elleve månader med byggearbeid. Då står det att halvanna månad med intenst utstillingsarbeid, før dørene kan opnast.

– Vi arbeider med utstillingstekstane og val av bilde. Det blir ei tekst- og bildebasert utstilling som ikkje skal ta luven av hovudobjektet: jekta sjølv. To store gjenstandar kan vi ikkje la vere å vise, nemleg det originale jektespelet, som vart brukt til å heise seglet og jekteskruane som vart brukt når ein skulle sette jekta på land. Vi er så heldige å få bruke Bernard Færøyik sine flotte og detaljerte teikningar som kjem til å komplettere dei historiske fotografia og objekta på ein kjempefin måte, seier Moe.

Ope kvar dag i sommar

I 2025 vil Holvikejekta Nordfjord Folkemuseum vere opent for besøkande frå 9. juni og ut august. I tillegg vil det vere ope enkelte helger, spesielt i samband med arrangement. Skular vil også få tilbod om formidling.

– Det blir ei stor oppleving i seg sjølv å kunne sjå jekta frå ulike perspektiv, ovanfrå og nedanfrå, å gå ved sidan av, bak ho og langs ripa. Gjennom tekst og bilde vil vi fortelje om jektefarten på Vestlandet, slik at denne konkrete jekta blir sett i ein større samanheng. Dette har vi også med oss når vi kjem opp på mesaninen, der det er stilt ut tre nordfjordbåtar. Her er temaet båtbygging, og vi fortel om klinketradisjonen som er teknikken som er brukt i både båtane og jekta, eit handverk som no er på UNESCO si liste over menneskeheita sin kulturarv, avsluttar ho.

Kyrkjebåten på flyttefot

Ut av frislidlada og vidare til det nye verne- og formidlingsbygget til Holvikejekta. Fitjekyrkjebåten frå garden Fitje i Gloppen er ute på sin siste tur på truleg veldig lenge. No skal den få permanent opphald saman med Holvikejekta.

Foto: Henning A. Hellebust

Byggeprosjektet som drog ut

Endeleg, hausten 2022 kunne Musea i Sogn og Fjordane lyse ut anbod for nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. Då hadde det stått på ønskelista til Nordfjord Folkemuseum i hundre år. Resultatet vart skuffande. Med ei stor prisauke sidan kalkylane vart utarbeida, hamna lågaste anbod nær 16 millionar over planen på 33,8 millionar kroner. Så i mars måtte Musea i Sogn og Fjordane ut og hente meir pengar for å realisere bygget.  

Anne Kristin Moe ser på den massive kjølen, som viser rote og rust.
Anne Kristin Moe var bekymra, då det vart nok eit skjær i sjøen for Holvikejekta.

14. juni 2023 var eit nytt spleiselag klart. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Gloppen kommune, Vestland fylkeskommune, regjeringa og Musea i Sogn og Fjordane, la kvar sine beløp i potten, slik at ny kalkyle på 44,7 millionar kroner kunne realiserast. Vi er dei evig takksame.

I februar 2024 starta byggearbeidet, med Veidekke som entreprenør. Det vart avdekka kvikkleire i grunnen, slik at fordyrande tiltak på over to millionar kroner måtte settast i verk. Då vart bygget enno meir forseinka. Men til slutt kom bygginga i gong, og alt i oktober 2024 vart det helde kranselag med arbeidarane i bygget og dei tilsette ved Nordfjord Folkemuseum.

24. april 2025 tek Nordfjord Folkemuseum over bygget og 6. juni vert det opna for publikum.

holvikejekta/holvikejekta_kranselag_msf_03615_foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Kranselaget i oktober vart halde på messaninen, der det vert ei eiga utstilling med nordfjordbåtar.

Fakta

Holvikejekta

Ei jekt er ei brei, lita seglskute som har ei mast med råsegl og er utan fast dekk. Den har høg stamn og tverr akterende. Jektene blei brukte som fraktefartøy langs heile kysten, frå Hardanger i sør til Finnmark i nord, der målet oftast var Bergen.

Holvikejekta var bygd i 1881 på Sandane. Den 20 meter lang og 8,6 meter brei. Då motorbåtane kom vart jektene konkurrerte ut. Holvikejekta vart sett på land i original stand 1906.

Nordfjord Sogelag kjøpte jekta i 1909, og i 1915 vart ho den første gjenstanden i det nyskipa Nordfjord Folkemuseum. Holvikejekta den einaste klinkbygde jekta i sitt slag som er bevart, og er difor ein heilt særeigen båt av stor kulturhistorisk verdi.

Klinkbygging er ein nordisk byggemetode tilbake frå jernalderen, og er på Unesco si verdsarvliste.

Sjå fleire nyhende