Kvernsteinsparken er partnar i Fjordkysten regional- og geopark, som frå 2025 fekk status som ein UNESCO Global Geopark.
Ein Unesco Global Geopark er eit samla geografisk område som Unesco har peikt ut grunna sitt viktige geologiske landskap. Området vert forvalta med vekt på vern, formidling og berekraftig utvikling.
Når du besøker oss, får du innblikk i korleis eit formidabelt steindrama for 400 millionar år sidan la grunnlaget for kvernsteinsproduksjonen nettopp her: Tid, varme og trykk skapte granatglimmerskifter, som innbyggarane her skjønte kunne bli gode kvernsteinar for over tusen år sidan.
Sidan har dei hamra og høgd i berget og produsert mange tusen kvernsteinar, som har blitt eksportert til store deler av Nord-Europa.