Kvernsteinsparken
kvernsteinsparken/img_3536-1.jpg.

Nøkkelstad i Kystpilegrimsleia

Kvernsteinsparken er ein av i alt 26 nøkkelstader på Kystpilegrimsleia, som startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Kystpilegrimsleia har ei sterk historisk forankring. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia i Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537. Kystpilegrimsleia følgjer dei historiske ferdselsvegane pilegrimane brukte til Nidaros i mellomalderen. Langs kystpilegrimsleia er det fire regionale senter, og Kvernsteinsparken i Hyllestad ligg til Selje regionale pilegrimssenter sitt ansvarsområde.

Hyllestad har utover vakker og storslått natur, ei spesiell historie knytt til steinhogging. Det pregar kulturlandskapet, som du kan sjå ein liten del av i Kvernsteinsparken. Det vart ikkje berre hogd kvernstein her, det vart og hogd krossar. Godt over helvta av dei 40 bevara steinkrossane frå yngre jernalder og mellomalder på Vestlandet, kan sporast til Hyllestad, grunna den spesielle geologien her. På Hyllestad gamle kyrkjegard kan du sjå tre små krossar, og eit fjerde heng i Hyllestad kyrkje. Dei har plass i kvart sitt hjørne av kyrkjegarden.

I parken kan du sjå krossbrotet, der arkeologen Irene Baug, sommaren 2008 fann til saman sju steinkrossar. Du vil og sjå ein steinkross som elevar ved Hyllestad skule har hogd som del av opplæringa i skuleprosjektet.

I Kvernsteinsparken kan du få stempel i Pilegrimspasset ditt, og informasjon om reisa di vidare.

Ein pilegrim som har reist langs kysten, og samla inn minst seks stempel frå dei ulike nøkkelstadane langs leia i pilegrimspasset, har i lag med siste stempel frå Nidarosdomen rett til Olavsbrev, delt ut av Nidaros Pilegrimsgård i Trondheim.

Opningstider

1. september 2023 — 14. juni 2024
Stengt.
Omvisning på førespurnad utanfor sesong.

Prisar

  • Vaksen: 120 kr
  • Student/honnør: 90 kr
  • Born/unge under 18 år: Gratis
  • Gruppe*: 100 kr

Her er vi

Kvernsteinsparken
Kontor
Lifjordvegen 9
6957 Hyllestad

Opplevingar i Kvernsteinsparken