Samlinga inneheld gjenstandar knytt til hus og heim, landbruk og fjordbruk, handverk og husflid. Her finn du alt frå folkedrakter, åkle og brurepynt til våpen, reiskap og elektriske apparat. Størsteparten av samlinga er frå 1700- og 1800-talet, men det er også samla inn gjenstander frå vår nære fortid.
Nokre av gjenstandane er stilt ut i faste og skiftande utstillingar, resten er lagra i klimastyrte magasin.
Har du spørsmål om samlingane våre eller ynskjer å donere noko til museet? Trykk her for å kome i kontakt med kontakt med avdeling for samling, forskning og bevaring.
På DigitaltMuseum har vi registrert eit utval av gjenstandane som vi har på magasin. Trykk her for å kome direkte til gjenstandssamlinga.
