Vårens siste Museumssøndag
11. mai inviterar vi til vårens siste Museumssøndag, og det er husflid som er på programmet. Museet held ope frå kl. 11-15.
Denne dagen inviterar vi til husflidskafé på museet, og oppmodar alle til å ta med seg eit handarbeid – om du driv med strikking, veving, hekling, hakking, nuppereller eller anna er du hjarteleg velkomne til å ta med deg arbeidet ditt på museet.
I kafeen er det muligheit til å veve på ein bordvev, prøve seg på tradisjonshandverket hakking, veve band på grindvev, og demonstrasjon av hoseband.
Pernella Denk
Vi får besøk av Ingrid Denk som vil halde eit innlegg om mor hennar, Pernella Denk (1913-1987), som var veverske og lokalt kjend for det store arbeidet med tradisjonsvev. Pernella Denk var ein god samarbeidspartnar for Nordfjord Folkemuseum, og vevstolen ho brukte på museet står utstilt i Attåt. Innlegget er kl. 12.

Ope friluftsmuseum
Vi markerar også starten på sommarsesongen, og dei antikvariske bygningane i friluftsmuseet er opne. Her kan du oppleve korleis det var å bu i Nordfjord frå 1600-talet og fram til moderne tider.
Kafeen og utstillingane Saman og Attåt held ope heile dagen.