Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Nærbilde av bakenden på Holvikejekta, ei stjerne i kvitt, gult og fersken ved sidan av eit vindauge.
Publisert 15/06/2022
Av Henning A. Hellebust

Årsmelding 2021

Pengar til eit hus for Holvikejekta (bildet) var eitt av mange høgdepunkt i 2021. Besøkstala gjekk opp, men framleis prega av korona-pandemien.

Av gladnyheiter i 2021, kan vi nemne at vi fekk finansiering til å bygge eit verne- og formidlingsbygg til Holvikjekta. Elles fekk vi rekordstore fem millionar kroner til innkjøp av kunst. Dette var eit ekstraordniært tilskot frå Kulturdepartementet som skulle stimulere sektoren under korona. Det medførte innkjøp av 100 verk av 57 kunstnarar.

Korona heldt nede besøket

Sjølv om Musea hadde ein vekst på besøkstalet på 28 prosent i fjor, samanlikna med 2020, så låg vi på nesten det halve av eit «normalår». Vi er stolte over å ha hatt besøk av 5601 skuleelevar, men har ei utfordring i sterk konkurranse frå reiselivsaktørane, som nyttar meir ressursar på marknadsføring og produktutvikling.

Korleis ta vare på samlingane

Sist år fekk vi på plass ei heilskapeleg forvaltning av samlingane gjennom ein samlingsforvaltningsplan. Denne set mål og tiltak om kompetanseutvikling, dokumentasjon, bevaring og meir. Dette gjev eit godt grunnlag for å ta vare på alle samlingane våre.

Bevaring

Vi har også sett i gong ei grundig kartlegging av dei svære samlingane våre av bygningar og båtar. Dette vil gje oss god oversikt og prioriteringslister for vidare bevaring i framtida. Også dei mange kulturlandskapa vi forvaltar, jobbar vi med å få oversikt over, for å kunne gjere gode prioriteringar.

Forsking

Det er ikkje starta opp nye forskingsprosjekt i 2021, men vi har tatt initiativ til å utvikle eit prosjekt for etablering av ein felles infrastruktur for forsiking ved alle musea i Vestland fylke. Prosjektet er innvilga støtte frå Kulturrådet og Vestland fylkeskommune. Prosjektet varer til og med 20224.

Formidling

I formidlingsplanen vår, har vi mål om at alle dei heilårsopne musea skal ha ei ny utstillingsopning årleg. Det målet nådde vi med god margin i 2021. Om dette, og mykje meir, kan du lese i årsmeldinga vår.

Foto av Holvikjekta: Thomas Bickhardt/Bickfoto.