Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gruppebilde av dei tilsette ved Musea i Sogn og Fjordane.
Publisert 29/03/2023
Av Henning A. Hellebust

Dette leverte vi i 2022

Nær 40.000 besøkande. 39 forskjellige undervisningsopplegg for skuleborn, 69 millionar kroner i driftsinntekter. Starta bygging av nytt fellesmagasin. Årsrapporten for 2022 er klar.

I årsrapporten kan du lese korleis Musea i Sogn og Fjordane har løyst samfunnsoppdraget sitt siste år. Før du går dit, ta deg to minutt til å lese lese ein litt anna versjon, den om gjengen på bildet ovanfor, dei tilsette, og kva dei har jobba med for at vi skal lukkast.

  • Åtte handverkarar har jobba med å halde mange av dei 154 kulturhistoriske bygga våre i stand.

  • Fem konservatorar, ein samlings- og magasinforvaltar har på ulikt vis teke vare på og forska på 120.000 gjenstandar, 4000 kunstverk, 144 båtar, 37.000 foto og bygga nemt ovanfor.

  • Seks museumsvertar har lagt til rette for at gjestene våre skal ha gode besøk og god bakst.  

  • Oppunder 40 sommarvertar har tatt imot turistar og andre gjester i ferien.

  • Sju museumspedagogar jobba med nye formidlingsopplegg og utstillingar, formidla til skulelevar og heldt omvisingar.

  • Ein museumsbonde har hatt ansvaret for kulturlandskapa i  musea.

  • Fire driftsteknikarar var høgt og lågt og sytte for at bygg og interiør fungerer som det skal.

  • Ein økonom passa pengeflyten.

  • To jobba med HR.

  • Marknads- og kommunikasjonstilsette hjalp til å syne oss fram for allmenta.

  • Rådgjevarar og prosjektmedarbeidarar bidrog med ulik spisskompetanse.

  • Åtte museumsleiarar har styrt tolv ulike museumsarenaer.

  • Direktøren for det heile og for dei fire fag-avdelingane styrte skuta.