Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Kvinne og barn ser på eit fargerikt måleri.

Kulturarven er ikkje berre noko som ligg der, daudt og ferdig. På musea får vi ny kunnskap kvar dag. Ein ny gjenstand. Ein ny teori. Ein ny måte å forstå og tolke. Og så kjem du på besøk. Og du opplever den på din måte. Tek med deg ditt bilete ut att. Og så vert du ein del av den store fortellinga. Kulturarven set spor i alle som vil sjå.

Når vi summerer eit år med museumsdrift, så snakkar vi naturlegvis om kva vi har gjort. Men vi kan ikkje snakke om kva vi har gjort, utan å tenkje over kva spor vi har sett. I 2023 hadde vi mellom anna  

  • 45 formidlingsopplegg for skulelevar

  • 9 formidlingsopplegg for barnehageborn

  • 14 spesielt tilrettelagde formidlingstilbod

  • 36 enkeltarrangement

  • 3 kurstilbod

  • 23 nye utstillingar

Gut flyttar ein liten blå båt på eit brettspel.
Gut flyttar ein liten blå båt på eit brettspel.

Kven får jekta først til Bergen?

Eit spel som formidlar jektefarten på Vestlandet.

Kva blir eit tilbod og korleis blir det til? Det kan vere kva vi har i samlingane, kva som er på tide å løfte fram. Kva vi har utstilt, kva dei tilsette kan noko om, tradisjon og kultur i musea, kva tilsette finn ut kan vere relevant for innbyggarane. Så blir det lagt planar og budsjett. Vi produserer. Og så står vi der, og så står du der. Vi møtest. Kommuniserer. Og set vi spor i kvarandre.  

Kvinne viser to gutar korleis karde ull.
Kvinne viser to gutar korleis karde ull.

Korleis lagar ein ull om til garn?

Museumsvert Ingvild Førde viser fram karding på Nordfjord Folkemuseum.

Det du ikkje ser

Så er det berre ein liten del av kulturarven du er vitne til når du vitjar oss. Magasina våre er breiddfulle av ting som kanskje aldri skal ut i lyset. Men summen av dei er del av vår felles historie. Bygda vår. Fylket vårt. Menneskeslekta.

Dei som tek vare på gjenstandane og kunsten, byrjar no arbeidet med å flytte mange av dei inn i vårt heilt nybygde fellesmagasin, Tinghuset. Kvar ting blir registrert og tilgjengeleg for deg på  digitaltmuseum.no, klar til å snakke med framtida om det som har vore.  

Smilande kvinne med blå hanskar, held eit gamalt skrivn.
Konservator Kristine Ness held den første gjenstanden Sunnfjord museum registrerte inn i samlinga si, for hundre år sidan. Det får plass i Tinghuset.

Om du vandra i nokon av friluftsmusea våre i fjor, la du kanskje merke til eitt og anna ferskt trestykke i eit gamalt bygg. Ja, tida et museumsbygg til middag. Men med handboren kunnskap, finn handverkarane våre nye emne i skogen og erstattar det som er brukt opp med nytt.

Til slutt er det kanskje ikkje originalen som set spor i deg, men det vi har fornya. Det vi har tatt vare på med våre eigne nevar. For Holvikejekta set vi skikkeleg bremse på tæringa. Vi brukte 2023 på å førebu å bygge eit nytt verne- og formidlingsbygg til ho.   

Mann med skjegg og arbeidsklede høgg på ei fjø.
Mann med skjegg og arbeidsklede høgg på ei fjø.

Kunnige nevar tilpassar bord for bord.

Museumshandverkar Elling hauge lagar ny bordkledning på eit eldhus på Nordfjord folkemuseum.

Kunnskapen står heller ikkje stille. Nokon av våre grev i kjeldene, testar hypotesar. Publiserer funna sine. Får dei vurdert av fagfellar. Så veit vi litt til. Så forstår vi litt meir. Så får vi nye historier å fortelje. Og så er det eit nytt år. Og så justerer vi oss. Og så prøver vi å sette nye spor.   

Kvinne held presentasjon med powerpoint.
Førstekonservator Therese Nesset forskar på eldre handelsstadar.

Send oss dine tilbakemeldingar

Kva spor har musea sett i deg? Send oss tilbakemeldingar på museumsoppleving di hjå oss. Vi vil gjerne vite korleis du har hatt det på besøk, slik at vi kan lære og forstå litt meir om korleis arbeidet vårt set spor.

Send e-post til Henning A. Hellebust henhel@misf.no.