Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Raudmala sjøbu på oppmura kai.
Publisert 05/12/2023
Av Henning A. Hellebust

Vil avhende sildesalteriet

Vamråk sildesalteri i Kalvåg kan bli gitt vidare av Musea i Sogn og Fjordane til Kalvåg Kystlag.

Musea i Sogn og Fjordane har i lang tid hatt utfordringar med å ta vare på og drive formidling av Vamråk sildesalteri i Kalvåg i Bremanger. No har musea ved administrerande direktør ved Jan Heggheim byrja ein prosess der ein ønskjer å gje å frå seg bygningskomplekset.

– Musea må av og til innsjå at bygningar og eigedom kan ha eit betre liv hos andre, seier Heggheim.

Samarbeid med kommunen

Prosessen skjer i samarbeid med Bremanger kommune som kulturminnestyresmakt. Vamråk Sildesalteri er omtalt i Kulturmiljøplanen i Bremanger kommune, «Der båra bryt», som vart vedteken i mars 2021.

Anlegg med ulike slitte skur og buer som er bygd saman.
Vamråk sildesalteri ber preg av slitasje.

Anlegget vart kjøpt av Kystmuseet i Sogn og Fjordane i 1998 og følgde med konsolideringa til Musea i Sogn og Fjordane i 2009. Ved overtakinga var ynskjet dokumentasjon, vern og vidareføring av den tradisjonelle sildeproduksjonen. Bygningen vart bevisst tatt inn i samlinga. Den noverande bruken av bygningen er derimot minimal.

Manglar ressursar til drift

– Bygningen har eit stort potensial for formidling. Kystmuseet har sidan kjøpet hatt mange planar, men grunna økonomiske og personalmessige ressursar, har lite av dette blitt realisert. Det er vanskeleg å sjå at det er mogeleg for oss og Kystmuseet å nytte mogelegheitene bygningen har. Vi greier ikkje å gjere oss nytte av det, og difor bør vi ikkje bli sittande med eigedomen, seier Heggheim.

Sjablongar som viser destinasjonar og innhaldet i forsendingane.
På ein vegg heng sjablongar som syner nokon av produkta og destinasjonane. Her kan ein skimte både hovudlaus salta feit nordsjøsild, filetar i eddik, med adresse New York, Chicago og Los Angeles.

Bygget er i svært dårleg stand og er vurdert til tilstandsgrad 3. Det er den dårlegaste kategorien, og krev svært mykje ressursar. Hovudsakleg er problema taklekkasje og store skadar på vindauge, kledning og dører. Lekkasjane har igjen gått ut over konstruksjonen. Dette fører til at bygningen har eit høgt ressursbehov og dermed vert vurdert til ein låg karakter. Det tyder at både konsekvens og tiltak er omfattande.

Dersom planen blir gjennomført overtek Kalvåg Kystlad bygg og eigedom vederlagsfritt. Styret i MiSF skal ha saka til handsaming 27. februar. Førebels vert det laga ein intensjonsavtale.