– Eit besøk på 57 494 er svært gledeleg. Auken bringar oss raskt nærare målet vi har sett oss om 70 000 besøkande ved utgangen av 2026. Det tek tid å komme seg etter omgripande kriser, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
– Besøkstala er eit resultat av arbeidet til mange dyktige medarbeidarar: Kunnskap skal fram og systematiserast, arrangement og utstillingar tilpassast eit program, og alt skal kommuniserast slik at det er kjent. Andre hendingar i samfunnet, særleg opprustinga av Astruptunet, gir oss også energi og nye besøkande. Eg blir skikkeleg kry av gjengen som klarar å skape slike resultat, seier Heggheim.
Kaupanger på topp
Av dei tolv musea våre, er det De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum i Kaupanger, som tronar på toppen. 10 999 besøkande er ein vekst på 13 prosent.
– Det er to hovudgrunnar til auken. Vi prøver å legge opp til arrangement med aktivitetar som kan opplevast attraktivt, som førjulsverkstad. Samarbeid med andre lag og organisasjonar har vore viktig. Så hadde vi ei jamn auke i alle besøksgrupper i hovudsesongen, seier museumsleiar Trude Knagenhjelm.
– Dessutan har vi ei flott samling frivillige som står på for oss, dei bidreg med musikk, handverks- og handarbeidsaktivitetar og skjøtselsarbeid som også publikum får delta aktivt i. Dette er svært verdifullt for å skape godt innhald på arrangementa og gode opplevingar for besøkande, seier Knagenhjelm.
Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand er vårt nest mest besøkte museum, med 10 381 gjestar. Dei har også ei svært god auke med 2600 fleire besøkande enn året før. Det skuldast i stor grad ei auke i tilstrøyming av turistar i sommar, men også mange godt besøkte arrangement og godt lokalt samarbeid.
Astruptunet er den andre store publikumsvinnaren. Som det tredje mest besøkte museet, hadde det størst vekst i tal, med 4059 fleire besøkande enn året før. Nyopning av tunet har gitt mykje merksemd, mellom anna frå HM Dronning Sonja, som sto for opninga.
Psykisk uhelse trakk mange
Sogn Kunstsenter i Lærdal utmerkar seg også. For tredje år på rad har museumsarenaen ei fenomenal auke. 3384 besøkande er 450 prosent fleire enn i 2019. Det skuldast truleg at dei har treft med utstillingstematikken og godt samarbeid med kommunen.
Fleire av dei mindre besøkte musea våre, gjorde også eit hopp på besøksstatistikken dersom ein ser på prosent besøkande. Eikaasgalleriet i Jølster, Vågsberget i Måløy og Sogn Fjordmuseum har hatt mellom 100 og 60 prosent auke. Besøkstala gjennom sesongen har vore positive, men hovuddelen av auken kjem frå godt besøkte arrangement. Landslovjubileet på Eikaasgalleriet, handelsdag på Vågsberget og open dag i Kaupanger på Fjordmuseet var svært populære arrangement i samarbeid med omgjevnadene.
Nedst i den statistikken kjem Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, som hadde ein nedgang på nesten 3000 besøkande. Dette skuldast nok den svært populære Astrup-utstillinga frå året før – som er vanskeleg å matche. Elles er det Haugefisk, vår flotte linefiskebåt som låg til kai i Måløy sist sommar, som har færrast besøkande. 434 personar fann vegen til dette nye tilbodet.