Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gamle tømmerhus i to etasjar bak bjørk og furutre, med snø på taket.
Publisert 15/12/2022
Av Henning A. Hellebust

Nye satsingar i 2023

Kvernsteinsparken skal få etterlengta kontorbygg, Sogn Fjordmuseum vert gjenopna, Heggdalsloftet (bildet) og fire andre kulturhistoriske bygningar skal restaurerast. Her er nokon av satsingane i budsjettet til Musea i Sogn og Fjordane i 2023.

– Veldig gledeleg. Dette betyr mykje for arbeidsdagen vår, seier museumsleiar Torunn Beck ved Kvernsteinsparken.

I nyleg vedtatt budsjett for Musea i Sogn og Fjordane for 2023, er det sett av pengar til kontorbygg i Kvernsteinsparken. I dag held museumsleiaren hus i «Gamlebanken» i sentrum av Hyllestad, ein liten spasertur unna parken.

Portrettbilde av Torunn Beck i regnjakke med raudt hår i tjukk flette ved sidan av eit berg med spor etter steinbrot.
Torunn Beck ut i eitt av steinbrota i Kvernsteinsparken.

– Det er upraktisk og tungvindt å ikkje ha kontor i sjølve parken. Det er viktig at vi har tilhald der, ikkje berre sommarvertane i sommarsesongen. No vert det mykje lettare å følgje opp og møte publikum, og det blir lettare å finne oss når vi har stengt. Dette vil også vere bra for turistkontor-funksjonen vår og som nøkkelstad i Kystpilegrimsleia, seier ho.

Kontorbygget er planlagt reist ved sidan av dagens resepsjon. Bygget vil vere i same byggestil, og skal huse to kontorplassar og eit møte- og pauserom. Ein reknar med å starte bygging etter sommarsesongen.

Gjenopnar Sogn Fjordmuseum

Museet med alle dei vakre båtane på kaien i Kaupanger måtte halde stengt sommaren 2022, grunna vasslekkasje og generelt stor slitasje. No er det bestemt at publikum nok ein gong få kunne oppleve båtane, båtbyggjarverkstaden og Sogn sin eldste bar, Glæverstova. Museet opnar til sommaren.

Fleire gamle trebåtar med segl utstilt innandørs.

– Vi er glad for å opne Sogn Fjordmuseum att til sommaren. I vinter skal vi mellom anna jobbe med ei liten oppgraderinga av utstillingane og fornye med litt maling. Samtidig har museet trong for ei større fornying i utstillingane og lokala, då det har vore gjort lite sidan museet opna i 1990. Denne oppgraderinga er ikkje tidsett, men det jobbar vi med, seier museumsleiar Aud Ross Solberg.

Sterke naturinntrykk i Balestrand

Viktige deler av utstillingane ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand vert synt på heile 71 skjermar. Teknologi kan vere utfordrande, noko ein har erfart ved det seks år gamle museet. Mellom anna har eit avansert rigg med opplegg for å vise panoramafilm, aldri fungert som det skal. I 2023 kjem det på plass nye løysingar for dette og dei andre skjermane.

– Vi har store forhåpningar til panoramaskjermen, der vi skal vise spektakulær norsk natur. Når vi får dette opp og gå i 2023, ønskjer vi å få på plass til dømes filmar av nordlys, ekstremsport og livet i fjorden, seier museumsleiar Guri Våge Mossige.

Ein av styrkene til Reiselivsmuseet, er nettopp den digitale formidlinga på skjerm. Det skal gje dei høve til å vere oppdaterte, aktuelle og levande både for dei besøkande og for reiselivsbransjen.

Guri Våge Mossige står framfor fire skjermar.
Guri Våge Mossige framfor eit knippe av Reiselivsmusset sine 71 skjermar.

– Tanken er jobbe med innhaldet kontinuerleg, og heile tida skape nytt innhald. No får vi ei løysing som skal gjere dette enklare for oss. Så uttrykket her på museet vert fornya i år, lovar Våge Mossige.

Spesielt har ho store forventningar til eit mogeleg samarbeid med Fylkesarkivet. Dei forvaltar mellom anna arkivet til Hotel Mundal. Det vart i haust tatt opp som del av Unesco sitt verdsminne for dokumentarv.

Oljeutstillinga opnar att

I januar 2022 måtte brua til det såkalla Snorreankeret, oljeutstillinga ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø, stengast grunna svekka konstruksjon. I 2023 skal utstillinga få på plass trygg tilkomst, og kan dermed opnast att.

– Kystmuseet er veldig glade for at tilkomst til Snorreankeret er sett opp i neste års budsjett. Snorreankeret er ein unik muligheit for Kystmuseet å formidle ein viktig og aktuell del av den lokale kystkulturen. Vi gler oss til å jobbe med å utvikle utstillinga, seier fungerande museumsleiar Marie Nicolaisen ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Nøkkeltal 2023

Driftsinntekter 2023: 73,1 millionar kroner.
Driftskonstnader 2023: 72,4 millionar kroner.
Årsresultat 2023: 750.000 kroner.

Stor restaureringsaktivitet

Samtidig tek avdeling for forsking og bevaring tak i fleire store og viktige restaureringsprosjekt. På Sunnfjord museum skal det utførast antikvarisk arbeid på Løsetloftet. Ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane skal det utførast grunnmurarbeid på Listbua i Kalvåg. Ved De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum skal ein sette opp Hemrebui og gjere ferdig Kvammeloftet. Dessutan skal Heggdalsloftet ved Nordfjord Folkemuseum restaurerast.

Eit gamalt tømmerbygg med bygningsstillas rundt.
Det er meininga at Kvammeloftet i Kaupanger skal bli ferdig i 2023. Handverkar Ole Fredskild jobbar med taksperr.

– Musea i Sogn og Fjordane har brukt mykje ressursar dei siste åra på å kartlegge tilstanden til dei kulturhistoriske bygningane i samlinga og utarbeide eit grunnlag for å prioritere vedlikehalds- og restaureringsprosjekt. No som dette arbeidet er fullført, saman med ei satsing på å auke den antikvariske kompetansen og styrkje samarbeidet mellom handverkarane, er vi godt rusta til å ta vare på den rike bygningssamlinga vår, seier seier avdelingsdirektør Thomas Walle i Avdeling forsking og bevaring.

Målet i åra framover, er å drive mindre med «brannslokking» når det gjeld vedlikehald, og i større grad gjennomføre restaureringsarbeid som både vernar bygningane og tradisjonshandverket, og som kan auke interessa for det antikvariske bygningsvernet.

Samtidig vil dei store prosjekta våre med nytt fellesmagasin og verne- og visningsbygg for Holvikejekta gå sin gang. Fellesmagasinet kan bli innflyttingsklart til årsskiftet. For Holvikejekta er det ute anbodskonkurranse. Planlagt ferdigstilling er forsommaren 2024.

Utstillingsplanar

Året vil by på fleire nye utstillingar innan både kunst og kulturhistorie. Vi vil presentere ein utstillingsplan når vi har litt meir detaljar på plass. Men for deg som har lest heilt ned hit, så kan vi sei så mykje: året er ambisiøst. Inn til vidare kan du jo kose deg med våre eksisterande tilbod av utstillingar, arrangement og aktivitetar nedanfor.