Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane

Nytt drakehovud skal på plass på Cooperhuset i Balestrand. Det skal tole regn, snø, sol og vind i nye hundre år. Det sit ikkje som det skal enno, så det må av igjen. Handverkar Kjetil Bergmo tilpassar tolmodig med hoggjarnet sitt.

Hanverkar står på eit stillas og held eit utskora drakehovud.

Stavkyrkjer og vikingskip. Det var inspirasjonen til å sette drakehovud på ein vanleg villa. Det var i siste halvdel av 1800-talet. Nasjonalromantikken blomstra. Eit tid for å skode tilbake, sjå etter det rotnorske. Som målaren J.C Dahl. Han ville gje stavkyrkjene verdi att. På same tid vart vikingskip som Osebergskipet og Gokstadskipet gravne fram. Ut av dette sprang drakestilen, ein norsk arkitektonisk versjon av sveitserstilen.

Keisaren sin favoritt

Keiser Wilhelm II av Tyskland digga uttrykket så mykje at han fekk bygd sitt eige jaktslott etter inspirasjon av stavkyrkjer. Han digga Balestrand også, og besøkte bygda ei rekke gonger. Og her er tettleiken av bygg i dragestil kanskje høgst i landet.

Cooperhuset vegg i vegg med Reiselivsmuseet. Utskorne drakehovud stikk ut frå møne og ofs.
Cooperhuset ligg vegg i vegg med Norsk Reiselivsmuseum og husar utstilling om dei første kunstnarane som "oppdaga" området sist på 1800-talet.

På kaien i Balestrand, vegg i vegg med Norsk Reiselivsmuseum, står Cooperhuset. Det byrja med den britiske kunstnaren Alfred Heaton Cooper og ei kvinne, balestrendingen Mathilde Marie Valentinsen. Alfred kom med båt til Balestrand i 1891. Etter kvart møttest dei to. Kjærleik oppsto. Giftarmål. Eit husvære ville vere praktisk. I 1905 kontakta han Jakob Digre i Trondheim, som selde prefabrikkerte hus i drakestil. Året etter pryda det kaien i eitt av Norges første, store turistmål: Balestrand.

Oppdrag: drakehovud

Ut frå kvart møne spring to kvitmåla dragehovud som sprutar raud eld. Langs mønet buktar ryggfinnane til draken seg. Om treveriket er aldri så godt, i regntunge Vestland vil det til slutt råtne. I vår var det dags for å skifte dei ut. Handverkarar frå De Heibegske samlinger - Sogn folkemuseum, fekk oppdraget.

Nok ei justering er gjort. Og no sit det. Eit nytt drakehovud har funne sin plass.

Ein kjøper ikkje drakehovud på butikken. Emne til drakehovud finn ein i furuskogen. Ikkje kva som helst slags furuskog. Virket skal helst vere tettvakse. Då er det sterkt på alle vis. Det må gjerne vere kjerneved, som med sin harpiks gjer veden meir haldbar.

Materialkunnskap

Så på ein ås i Kaupanger, 4-500 meter over havet, der kan ein finne furu som har vakse sakte og lenge. Dei ideelle trea. Men vent litt. Vi snakkar ikkje om hogstmaskin, kubikk og flatehogst. Vi snakkar om det rette treet. Det som stikk seg ut som emne. Drakehovudet har ei krumming. Skal det henge saman i hundre år, bør veden følgje forma.

Handverkar står med hoggjarn og skjer ut mønster på dragehovudet.
Heimekontoret til Kjetil Bergmo.

Når treet har kome heim, er skore opp og har fått tørka, kan utforminga byrje. Dei gamle drakehovuda er teikna av. Fyrst skjer ein ut forma med bandsag. Så teiknar ein mønsteret på borda. Så kan treskjæringa byrje. Ein treng hoggjarn av ulike storleikar og former. Høvel. Bor. Så er det berre å gyve laus.

Drakehovuda og sidestøttene ligg ved sidan av kvarandre i ein verkstad, nymalte.
Drakehovuda har fått seg malingstrøk i verkstaden på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Når utforminga er klar, står malinga for tur. Aller først må ein velgje kva maling ein skal bruke. Det originale er linoljemaling, så linoljemaling vert det her også. Ein viktig eigenskap er at den pustar. Fuktigheit som måtte sleppe inn, vil også sleppe ut, så det skal meir til at trevirket råtnar. Innhald i malingen trekkjer også inn i treet og vernar det mot råtning.

Fargane er basert på naturlige fargepigment ein brukte rundt førre hundreårskifte. Kvitt er hovudfargen på draken. Tunga, ryggen og innskjæringane er raude. Auga og nokon som kanskje skal vere gjeller, er blå.

Draken har ei bringe. Denne vesle "fjøla" er viktig støtte for at hovudet ikkje skal tippe framover, og vekta ikkje skal trykkje vindskiene ned.

Drakehovudet utgjer eit stort vindfang. Difor har sidestøttene ein viktig funksjon. Bergmo gjer dei siste finjusteringane med høvel. No nærmar det seg at drakehovudet er ferdig montert.

Ferdig montert dragehovud med bringe og sidestøtter.

Slik ser det ut. Om du tek turen til Reiselivsmuseet i Balestrand, sjå opp, så får du sjå handverk.