Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Gruppebilde av 13 smilande tilsette med avdelingsleiaren i front.
Publisert 13/01/2023
Av Henning A. Hellebust

Sparka i gang forskingsåret

Mangfald, menneske og naturen og kystkultur er satsingsområde for forskinga ved Musea i Sogn og Fjordane framover. Denne veka samla forskarane våre seg på «kick-off» seminar for utveksling av idear, verktøy og erfaringar.

Musea har nyleg lansert ein ny forskingsplan, og for første gang samla forskarane våre seg på seminar for å lære, inspirere og bli inspirert.

– Vi har tre hovudmål med planen, og det er å auke forskarkompetansen, stimulere til auka forskingsaktivitet og delta i eksterne forskingssamarbeid. Denne samlinga er ein del av det å skape rammevilkår og infrastruktur for forskingsarbeidet, seier avdelingsdirektør Thomas Walle i avdeling for forsking og bevaring (fremst i bildet).

Ein viktig programpost på seminaret var å løfte fram forsking og idear innan dei tre hovudområda musea skal forske på i perioden: mangfald, menneske og naturen og kystkultur.

Kva er kystkultur, til dømes? Museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum presenterte eit hav av forskingsmogelegheiter innan det som særpregar livet langs kysten.

– Ta fisket som døme. Vi kan sjå på organiseringa, eigarskapen, kleda til fiskarane, buforholda deira, maten, tilverkinga av fisken, omsettinga av fisken, fortenesta, sa ho.

Nærbilde av kjølen på ein gaml trebåt med seg, inne i båthallen på Kystmuseet.
Frå båthallen på Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Eit anna tema innan kystkultur, er båt. Musea i Sogn og Fjordane har 143 båtar, nesten halvparten av alle båtane som er på museum i Vestland. Mogelegheitene for å finne ny og viktig kunnskap er mange.

– Vi kan forske på dei båtane vi har, med eit stort spenn av type og geografisk opphav. I samarbeid med båtbyggarmiljø, kan vi dokumentere byggeprosessen for ulike båtar, som er viktig for å kartlegge den immaterielle kulturarven, sa prosjektmedarbeidar Anita Aasen.

Musea vil legge meir vekt på mangfald og representasjon. I 2022 var vi til dømes trekt fram av Kulturdirektoratet for å vere av dei musea som satsar på mangfaldig formidling. Også i forskingsarbeidet er dette viktig. Eit døme er den for oss viktige målaren og teiknaren Hans Gjesme frå Lærdal. Til no har det faktum at han var innlagt på psykiatrisk sjukehus store deler av sitt vaksne liv, vore via lite merksemd. Det har konservator Ingrid Norum tatt tak i, og prøver å finne ut meir om mennesket bak kunsten.

– No driv eg grunnforsking der eg prøver å finne ut mest mogeleg om Hans Gjesme (1904-1994). Eg har mellom anna besøkt Gaustad sjukehus for å prøve å finne ut meir om han og sjukdomen, og har gjennom fylkesarkivet fått tilgang til mange hundre brev og dokument, seier ho.

Fargesterkt portrettmaleri i grove penselstrøk av ein mann med ein lys skugge.
Hans Gjesme, sjølvportrett.

Det er ikkje berre forhistoria vi forskar på. Ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum inviterte vi ein klasse frå Kunst, design og arkitektur frå Hafstad Vidaregåande skule til å lage ei utstilling som del av skeivt kulturår.

– Dette var ein måte å få praksisbasert kunnskap på. Vi fekk mellom anna nye perspektiv på korleis jobbe med målgruppa og få god medverknad, sa museumspedagog Kathrine Helene Skarsholt.

Museumsleiar Marie Nicolaisen presenterte funna i ei masteroppgåve om presentasjon av urfolk i USA i førre århundre. ho viste til dømes korleis vi kan lese historiske bilete kritisk eller avdekke korleis vi konstruerer forståing for ulike folkegrupper til ulike tider.