– Dei internasjonale turistane er tilbake, spesielt frå Europa og USA. Det gjeld både individuelle og grupper. Og så er det ein trend at turistar blir lenger på same stad, og då tek dei seg oftare tid til å gå på museum, seier museumsleiar Guri Våge Mossige ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand om auken i tal gjester.
Etter to år med korona og halverte besøkstal, var håpet at innbyggarane og turistane skulle vende tilbake til musea i 2022. Som turiststad har Balestrand merka godt at 2022 opna opp att for reising, med ei 75 prosent auke i besøkstal.
Samarbeider med lokalsamfunnet
– Samtidig som turistane er tilbake, samarbeider vi godt med Folkeakademiet, Biblioteket og Pensjonistlaget om arrangement. Vi har også laga nye undervisingsopplegg, som har blitt nytta av alle trinn frå barnehage til høgskule. Dessutan har vi hatt ei ny utstilling om fotografen Wilhelm Dreesen, som kan ha bidratt til interesse, og eit godt samarbeid med Kviknes hotell, som vi er samlokalisert med, er viktig for oss, seier Våge Mossige.
Ho opplever at mange finn noko å begeistre seg over. Norsk Reiselivshistorie er jo også internasjonal historie, så mange finn innhald med klangbotn.
– Her møter ein pionerane i internasjonalt reiseliv. Det er kunstnarane, det er lakselordane, det er tindebestigarane som Slingsby, det er tida då den tyske keisaren vitja Balestrand ti år på rad før første verdskrig. Det er mykje som gjev attkjenning, og vår historie blir også historien til menneske med andre nasjonalitetar, seier Våge Mossige.
Tredobla besøket
Fleire andre museum har også hatt god vekst i 2022. Størst vekst i prosent, hadde Sogn Kunstsenter, som minst tredobla besøket frå 500 til 1700 besøkande i fjor. Kystmuseet i Sogn og Fjordane hadde 2300 fleire besøkande, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum 2500 fleire, ein vekst på høvesvis 56 og 38 prosent. Også Kunstmuseet i Sogn og Fjordane, Sunnfjord museum og Nordfjord folkemuseum hadde auke.
Astruptunet er av dei som har ein betydeleg nedgang i besøket, med 1500 færre besøkande i 2022 enn året før. Det har truleg samanheng med at tunet var ein byggeplass, og ikkje så godt tilrettelagt for besøk som vanleg. Kvernsteinsparken, Eikaasgalleriet og Vågsberget hadde også færre besøkande. Sogn Fjordmuseum var stengt for vedlikehald.
Siktar mot gamle høgder
– Auken vi ser hjå fleire av musea er veldig gledeleg. Det fortel at det blir arbeidd godt ved institusjonane våre. Samtidig er totalen langt under der vi ønskjer å vere, seier administrerande direktør Jan Heggheim.
I rekordåret 2017 hadde musea 67.000 besøkande. I snitt var tal besøkande i åra før pandemien på vel 60.000 besøkande. Heggheim siktar over det.
– Vi vonar å få opp att besøkstalet til gamle høgder og vel så det. Det krevst stor innsats, men vi skal få det til. Vi er overtydde om at hardt arbeid med relevante tema gjer at det blir kjekt å gå på museum, og det legg vi opp til. Mangfald, berekraft og pandemi er blant tema vi kan vekke interesse med i tida framover, seier Heggheim.