Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Øyvind Tåsåsen er ein mann med skjegg som står framfor Holvikejekta.
Publisert 10/08/2022
Av Henning A. Hellebust

Skal leie byggeprosjekt i hamn

Snart skal Holvikejekta få sitt eige verne- og visningsbygg, og Musea i Sogn og Fjordane skal få eit fellesmagasin i Angedalen. Øyvind Tåsåsen skal styre arbeidet.

– Noko av det eg er mest spent på når det gjeld Holvikejekta, er når vi skal løfte den, seier Øyvind Tåsåsen.

Det er nokon svære dimensjonar på trebåten frå 1881. 20 meters lengde, ni meter brei. Snart skal den få seg ein skikkeleg heim. Eit verne- og visningsbygg same stad som den har lege i opplag sidan 1906 – i fjordkanten på Sandane. Då må den på ein liten flygetur. Anten skal den flyttast under heile bygginga, eller berre medan det kjem eit nytt fukt-tetta og isolert golv der den skal stå.

– Eg ser føre meg den augneblinken då løftestroppane er på plass, og krana har spent tak. Det blir spennande, seier han.

Det er eit stykke dit for den nytilsette prosjektleiaren. Det første som skal skje no, er å utarbeide eit anbod for å finne den rette entreprenøren til å gjere jobben.

High-tech og branntryggleik

Det er ikkje nett eit vanleg naust som skal byggast. For å ta vare på eit så verdifullt kulturminne for ettertida, er det mykje som skal på plass. Fuktigheit, temperatur og lys skal styrast, brannsikringa og tryggleik elles må vere god. Og det skal vere lagt til rette for å fortelje historia om båten til publikum. Avansert teknologi som må spele på lag.

misf/2022-08-09_11-43_oyvind-tasasen-6.jpg.
Det er store dimensjonar på Holvikejekta, som vart brukt til å frakte ved og trelast frå Nordfjord til Bergen. Den kunne ta 120 famnar, eller 288 kubikkmeter, ved.

– Rolla mi vert å syte for framdrift på ein måte som syr saman alle faga og aktørane. Vi skal få eit mest mogeleg optimalt resultatet i andre enden. På ein måte som gjer at alle med eigarskap til prosjektet best mogeleg ivaretekne, seier Tåsåsen, som dei siste åra har jobba som prosjektleiar i kommunane Lillestrøm og Nittedal, og no gjer sandensar av seg.

Øskjefabrikk blir skattkammer

Også i Angedalen i Sunnfjord skal det byggast. Tidlegare Ramstad eskefabrikk skal bli ein felles oppbevaringsstad for gjenstandar frå dei tolv museumsarenaene til Musea i Sogn og Fjordane. Altså skal det romme titusenvis av skattar frå samlingane som ikkje er utstilt – alt frå store båtar til maleri. Her er entreprenør på plass, så no skal dei gå i gang og kna fram dei beste løysingane.

– Her skal vi bygge om eit eksisterande bygg slik at vi kan ta vare på gamle og verdifulle gjenstandar. Det er fagleg utfordrande å få til, og vi må ta mange val. Eit døme – skal vi rehabilitere eksisterande leidningsnett eller lage nytt? Og så skal økonomien styrast for begge prosjekta. Det er spennande med tanke på prisutviklinga og tilgangen på råvarer, seier han.

– Med Øyvind på plass, kan vi komme i gang med vernebygget til Holvikjekta med dei rammene vi har og ta arbeidet med fellesmagasinet vidare. Vi er svært tilfreds med å ha fått på plass ein person med solid prosjektleiarerfaring til å styre dette for oss. Øyvind skal ha kontoret sitt her på Sandane saman med resten av fellesadministrasjonen. Det er kjekt at vi også bidreg med litt tilflytting, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.

Økonomiske fartshumpar

Begge prosjekta er finansiert av tilskot frå stat, fylkeskommune og kommune. Holvikejekta med eit budsjett på 33 millionar kroner, fellesmagasinet del ein, på 80 millionar kroner. Med ein uføreseieleg stor prisauke og jamvel mangel på råvarer, så har den økonomiske situasjonen for begge bygga endra seg. For fellesmagasinet vil ein ikkje kunne realisere alle planane med tildelte tilskot. Prosjektet er difor delt opp i fleire byggesteg, der dei sist prioriterte vil måtte vente til vidare finansiering.

Mann står under skroget til Holvikejekta. Sideborda er klinka saman med naglar.
Holvikejekta er den einaste klinkbygde jekta i sitt slag som er bevart. Den 2000 år gamle byggeteknikken er sett på Unesco si verdsarvliste.

– Vi ser at vi ikkje klarar å få fullført fellesmagasinet slik vi har planlagt, med dei midlane vi har fått tildelt. Vi har difor delt det i to, der den første delen på 80 millionar vil komme i gang. Den andre delen må vi definere tydelegare og klargjere ein søknadssum for, og søke departement og fylkeskommune. Per no har vi ikkje full oversikt over sluttsummen, seier Heggheim.