Dette er nokre av spørsmåla som vert forsøkt svart ut 19.-20.september i Balestrand. Då er Musea i Sogn og Fjordane vertskap for den nasjonale fagkonferansen til Forening for kulturforsking. Årets tema er reise.
– Vi er i ei tid der alle våre tradisjonelle erfaringar og oppfatningar om reise blir litt kasta om på. Det har mellom anna med pandemi og krig å gjere, dessutan vil verdas energisituasjon og behovet for å redusere energiforbruket, spele ei stor rolle for reising framover. Det vil også påverke forskinga vår, seier Jan Heggheim, administerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane, som opnar konferansen.
Bidrag frå våre forskarar
I løpet av dei to dagane vil det vere forelesingar med tema endrande reiser, reiser og stadsidentitet, båtreiser, uventa og framande reiser, ei reisande verd, pilegrimsreiser og reiser i nord. Fire forskarar frå Musea i Sogn og Fjordane er blant dei som skal halde foredrag.
Marie Nicolaisen, museumsleiar Sunnfjord museum «Frå "svarteste Afrika" til Førde i Sunnfjord».
Kristine Ness, konservator Sunnfjord museum «Å reise til Bergen for å tene som amme.»
Anne Kristin Moe, museumsleiar Nordfjord folkemuseum «Med jenter og ved til Bergen. Jektefarten på Vestlandet».
Thomas Walle, direktør for forsking og bevaring, Musea i Sogn og Fjordane. «Et krus på reise».
Norsk gjestfridom?
Hovudførelesingane er det Bjarne Rogan og Agnes Brudvik Engeset som står for.
Bjarne Rogan er kulturhistorikar og professor emeritus ved UiO, Institutt for kulturstudier og orientalske språk. Han har undervist ved Universitetet i Oslo, der han også har vært instituttleder og dekan. Bjarne Rogan har skrevet og redigert bøker innen reiseliv, etnologiens og folkloristikkens faghistorie, museologi, materiell kultur og kystkultur.
På konferansen skal han holde opningsføredraget, «Reisen i Norge – materialitet og forestillinger». Her vil han han ta opp dei materielle forutsetningane for reising i Norge på 1700- og 1800-talet, eksemplifisert med losji og overnatting, og sjå på samanhengen med førestillingar om gjestfriheit. Norge hadde i europeisk samanheng ord på seg for å vere eit usedvanlig gjestfritt land, men det er fleire side ved myten om gjestfriheita som det kan stillast spørsmål ved. Han vil særleg ta for seg prestegardane og sjå på opphav og endelikt for tradisjonen om gjestfriheita prestane, pirke litt i ei opprinnelsesmyte og rehabilitere ein noko miskjend kjeldekategori.
Fakta
Forening for kulturforskning er for forskarar og studentar innan kulturfaga, som kulturhistorikarar, kulturvitarar, etnologar, folkloristar og museologar.
Overlevingsevne i distriktsreiselivet
Agnes Brudvik Engeset er etnolog og arbeider som forskar ved Vestlandsforsking med rural turisme, fritid og fritidsforbruk og berekraftig reiseliv som forskingsfelt. Brudvik Engeset er etnolog og avla i 2021 ein doktorgrad innan rural turisme ved Institutt for geografi på NTNU. Avhandlinga tek for seg korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet med særleg vekt på overlevingsevna i familieeigde verksemder.
Konferanseforedraget «Store tankar i små bygder - Norsk distriktsreiseliv» vil tematisere korleis norsk distriktsreiseliv består av både store og små aktørar, men har til felles at dei er familieeigde, har eksistert i generasjonar og at dei er lokaliserte i rurale omgjevnader. Tidlegare forsking har vist at familiebedrifter ofte har ein eigen evne til å handtere store og små utfordringar, men kva består denne evna av? Og kva betyr familieeigarskapen for overlevingsevna? Den siste fellesnemnaren er den rurale lokaliseringa, nemleg Bygde-Noreg. Den kan by på mange moglegheiter men også bere preg av knappheit på ressursar. Kva rolle spelar bygdene for dei tradisjonsrike turistbedriftene si evne til å overleve, nærare bestemt kva slags ressursar trekk verksemdene vekslar på?
Koordinator for konferansen i Musea i Sogn og Fjordane er museumsleiar Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.