Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
misf/2022-08-12_11-38_kvernsteinsparken-5-2.jpg.
Publisert 16/08/2022
Av Henning A. Hellebust

Vil gjere kvernsteinen relevant att

Kunnskap om kvernsteinen og annan gamal teknologi er meir relevant enn nokon sinne, meiner Torunn Beck, ny museumsleiar i Kvernsteinsparken.

Krig i verdas kornkammer. Ei global matvarekrise. Energikrise. For ei tid å jobbe med kvernstein på! For ny museumsleiar ved Kvernsteinsparken i Hyllestad, Torunn Beck, er det viktigare enn nokon gong å få fram kunnskap om tidlegare tiders teknologi.

– Eg trur vi blir veldig sårbare når vi ikkje veit korleis ein skal lage grunnleggande ting, som å male korn til det daglege brød, lage klede og andre ting ein treng for å overleve. Slik sett er kvernsteinar og møller veldig relevant. Det er der vi får mykje av maten vår frå, det er livsviktig, seier Torunn Beck.

Flyttar kontoret

Akkurat no driv den nye leiaren av Kvernsteinsparken og flyttar kontoret frå prestegarden til gamle bankbygget i Hyllestad sentrum. Elles har den første veka vore full av møter for å komme seg på plass, komme inn i systema, knyte kontaktar, få oversikt.

Torunn støttar seg til ein loddrett bergvegg, som syner spor etter uttak av kvernstein.
Dronningbrotet syner eitt av dei største uttaka av kvernstein, og er oppkalla etter Dronning Sonja, som opna Kvernsteinsparken i 2002.

– Eg har mellom anna fått god hjelp av Astrid Waage frå Stiftinga norsk kvernsteinssenter. Ho tok meg på ei runde i parken, fortalde historia, om formidlingsopplegget og praktiske ting. Det er veldig godt å få knyte kontakt med ho og andre lokale krefter for å komme godt i gang, seier Beck.

Potensial for "vikinghage"

Med seg i bagasjen har Torunn Beck mellom anna ei mengd ulike kulturfag, pedagogikk og ein master i museologi. Ho har erfaring som museumsgartnar ved Norsk skogfinsk museum og som museumsvert ved Moss by- og industrimuseum. Sistnemnde med lokale i ei mølle, der dei til dømes hadde vasskvern og noko av aktiviteten for barn var å lage mjøl og bake. Som i Kvernsteinsparken.

Fakta

Kvernsteinsparken

Kvernsteinar i hundretusental har blitt eksportert frå Hyllestad til Europa. Ressursen er bargarten granatglimmerskifer. Frå 800-talet og i fleire hundre år framover, utvikla det seg ein industri for produksjon og eksport av denne livsviktige reiskapen. Kvernsteinsparken er plassert i kjernen av denne verksemda, og gjev publikum innblikk i historien.

– Med røynsle frå gartneri og som museumsgartnar, har eg også tankar om å sjå på mogelegheita for å ha kulturvekstar med viktingtidsprofil her på museet, seier ho.

Elles er det litt tidleg å konkretisere så mykje meir om utviklinga av Kvernsteinsparken framover. Aller først gjeld det å sette seg inn i dei kvardagslege driftsoppgåvene. Sikre at drifta er i gjenge. Grunna utfordringar med rekruttering, har stillinga hennar stått tom i halvtanna år, så ho ser ikkje vekk frå at enkelte oppgåver heng litt etter.

Stoppe attgoring

– Det første eg skal ta tak i no er skjøtselsplanen, for å hindre at landskapet gror att. Eg har tenkt å ta kontakt med lokale bønder for å sjå på mogelegheit for beitedyr. Det er også viktig å sikre at skuleopplegga kjem i gong til hausten. Så må det lagast ein formidlingsplan, blant mykje anna, seier ho.

Ein tilsett med vernebriller hakkar ut ein kvernstein med tradisjonell hakke.
Per Christian Burhol er museumspedagog i Kvernsteinspkaren, og har mellom anna ansvaret for det populære skuleopplegget. Han viser også teknikken for besøkande som vil prøve steinhoggarkunsten.

Den nye museumsleiaren trur også at potensialet til å få fleire turistar på besøk til Hyllestad og Kvernsteinsparken er stort.

– Det er eit fantastisk område både natur- og kulturmessig. Det er veldig interessant å sjå alle spor etter uttak av stein langt utover fjorden. Det burde jo vore meir blest om det, sidan det er ein av dei første industriane i landet med eksport, avsluttar ho.

Avtale med stiftinga

Viktig for utviklinga i Kvernsteinsparken og jobben til Beck framover, er samarbeidet med Stiftinga norsk kvernsteinssenter.

– Musea i Sogn og Fjordane og Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter har ein fersk, gjennomarbeidd samarbeidsavtale som gjer at vi no set fart på utviklinga av Kvernsteinsparken. Først skal vi vere meir til stades i parken ved at vi byggjer mellombels kontorløysing. Parken skal utviklast vidare, men det let seg ikkje gjere å vere konkret heilt enno, Jan Heggheim, som er administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.

Ein smed hamrar laus på eit stykke glødande metall på ein ambolt i smia.
Sommarverten Aslak Grimsgaard opererer den viktige smia i sommarhalvåret. Eit steinbrot fungerer dårleg utan smie, med ein smed som kan lage og fikse reiskap.