Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Raudmalt sjøbu med mangde dører og vindauger mot vågen.
Publisert 15/06/2023
Av Henning A. Hellebust

Lisetbua berga - kva no?

Etter 1,7 millionar kroner og hundrevis av timars innsats, er Lisetbua redda frå å knekke saman, etter at deler av grunnmuren rasa ut vesle vesle julaftan 2021. No skal vidare skjebne opp til ny vurdering.

For halvtanna år sidan skjedde det både Musea i Sogn og Fjordane og andre hadde frykta og åtvara mot: Deler av grunnmuren på den  kulturhistorisk viktige Lisetbua i Kalvåg rasa ut i vågen. Det allereie dårleg vedlikehaldne bygget fekk seg ein alvorleg knekk. No, halvtanna år seinare, er fasiten at ny grunnmur er på plass, at bua er jekka opp og står rettare og tryggare enn ho gjorde før utrasinga.

Ny grunnmur under bua.
To av handverkarane våre avsluttar arbeidet på Lisetbua for denne gong.

Det har vore ein omstendeleg jobb. Først fordi ein måtte sikre tryggleiken til dei som skulle jobbe på staden, så avklare kva ein skulle gjere med skaden, så finne nokon med kompetanse og kapasitet til å ta jobben, deretter få finansiert arbeidet og til slutt leie og gjennomføre reparasjonen.

Støtter i konstruksjonen medan støypearbeidet foregår.
Det måtte på plass omtattande stabiliserings og tryggingstiltak før arbeidet med ny sole og mur kunne ta til. Dei skråstillte støttene er festa med vaier i fjell i bakkant.

Berg maskin har gjort jobben. Verksemda frå Florø har spesialisert seg på arbeid relevant for oppdraget, nemleg å jobbe under vatn, med til dømes kaibygging. Etter at bygget var midlertidig sikra, vart det støypt ein heilt ny sole der den gamle muren låg. Oppå denne vart det så mura ein ny gråsteinsmur. Ein nytta også høvet til å jekke heile fronten av bua opp 26 centimeter, slik at ytterveggen vart retta opp. Bygget står no trygt på god mur. Når vi no set strek for denne delen av arbeidet, står det framleis att mange store vedlikehaldsoppgåver.

Muring på betongfundament under vatn.
Her er muringa på betongfundament under vatn byrja.

Året før muren rasa ut, var Musea i Sogn og Fjordane så vidt i gong med å sikre og tømme bua for å førebu restaureringsarbeid. Sjølve restaureringa manglar Musea i Sogn og Fjordane framleis finansiering til. Å sjå føre seg ei fullverdig restaurering, for deretter å drive formidling med til dømes omvisingar eller anna aktivitet, ser svært krevjande ut å få til.

Vil møte kommunen

– Vi har vanskeleg for å sjå føre oss mogelegheita til å setje bua i god stand og drive formidlingsarbeid der med dei ressursane vi kan rekne med. Så no ønskjer vi å ta ein dialog med Bremanger kommune om mogelege løysingar, seiar administrerande direktør Jan Heggheim.

Heggheim skal møte formannskapet 22. juni. Han håpar på ein god og open samtale om kva ein kan gjere.

– No står bua trygt, men der er langt att til ho blir ein god stad for formidling av kystkulturen. Kalvåg har hatt ei formidabel utvikling dei seinaste åra. Bygda har godt av ei bu som kan vise litt av livet slik det var, men dette vil krevje ressursar, seier Heggheim.

Frå innsida av bua, ut gjennom føra.
Det gamle golvet vart merka og tatt vekk før arbeidet starta. No ligg det eit midlertidig golv som toler å bli jobba på.

Til saman har naudoperasjonen etter utrasinga kosta 1,7 millionar kroner. Bremanger kommune har bidratt med 200.000 kroner og Vestland fylkeskommune med 200.000 kroner av dette. I tillegg har Musea i Sogn og Fjordane sine eigne handverkarar delteke med 405 timar.  

Gåve frå 1992

Det var i 1992 Kystmuseet i Sogn og Fjordane fekk Lisetbua i gåve frå Bremanger kommune. Ein del restaureringsarbeid vart lagt ned etter overtakinga, og inventaret er delvis registrert. Musea i Sogn og Fjordane tok over eigedomen i 2021 Bygget er ressurskrevjande å halde – det står vêrutsett til, er stort, og mykje av fasaden og taket treng stillas i sjø for å jobbe på.

Endeveggen av Lisetbua.
Her er inngangspartiet til Lisetbua frå land.

Sjøbua vart bygd i fleire etappar tidleg på 1900-talet. Den har eit grunnareal på 400 kvadratmeter og eit samla etasjeareal på 1000 kvadratmeter. Dei kulturhistoriske kvalitetane i bygget er viktige. Det hadde rom for mange aktivitetar og representerer eit tverrsnitt av allsidig kystrelatert næringsverksemd. Her var det mellom anna saltebu for sild, trandamperi, snikkarverkstad, bøkkerverkstad, tønnelager, losji for tilreisande fiskarar og anlegg for nedlegging av hermetisk krabbe.

Det er dessutan fullt av eksisterande interiør frå den type bu, som ruser og nøter, snekkar- og bøkkerutstyr, garn, snører, teiner, ruser, liner, tauverk, fløyt og iler, saltekummar, sløyebenk og mykje meir. Sjå foto frå nokon av romma nedanfor.

Snekkarverkstad.
Snekkarverkstad
Forskjellig utstyr fyller kvar krik og krok.
Ein haug med nøter og kassar med steinlodd.
Haugar med nøter og ruser på loftet.
Kranhjul.
Lager fullt av gamle tønner og kassar.
Buntar med tau, ruser og tønner.
Teiner av hønsenetting og tønner.