Jakob Sande-senter for forteljekunst og Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane arbeider for å slå seg saman. Museumsstiftinga driv tolv kunst- eller kulturhistoriske museum, medan Jakob Sande-senteret sitt føremål er å forske på og formidle diktinga til Jakob Sande, få fram eit mangfald av nye stemmer og utvikle og drifte eit nasjonalt fagmiljø innan forteljekunst.
– Forteljekunsten har ei viktig rolle i samfunnet, og ei samanslåing betyr mykje for vår kapasitet til å ta vare på og formidle den delen av kulturarven og utvikle fagfeltet. Å gå saman med Musea vil sikre integritet, soliditet, stabil økonomi, administrasjon og ei utvikling i samsvar med formåla Sande-senteret har, seier dagleg leiar Rakel Wilhelmsen Solheim i Jakob Sande-senter for forteljekunst.
Gjev fleire mogelegheiter
Sjølv om senteret alt har eit stort tilbod med residensordning, arrangement, produksjonar, utstillingar og akademi, ser ein for seg mange mogelegheiter med ei samanslåing.
Å bli ein del av Musea i Sogn og Fjordane gjer det mogeleg å nå ut til eit større omland. Samanslåinga vil gje tilgang på kompetanse og infrastruktur innan informasjon. I ei utviding av kollegiet frå tre til over 60 i ein samanslått organisasjon, vil fleire gode hovud tenkje i lag og feltet vil få større tyngde. Samarbeid om kunstnarheimane, utvikling av produksjonar og utstillingar, fagleg utvikling, forsking og verdiskaping er mellom satsingsområda i samanslåinga.
Vil styrke Musea i Sogn og Fjordane
– Immateriell kulturarv er eit område der Musea i Sogn og Fjordane må styrke seg. Forteljekunst er absolutt eitt av dei områda. Samstundes trur vi at vi ved å slå oss saman med Jakob Sande-senteret også kan styrke vår eiga formidlingsevne, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane.
Med Jakob Sande-senteret med på laget, er vurderinga at Musea i Sogn og Fjordane vil bli eit enno betre museum. Å få inn forteljekunst som fagområde, vil vere til nytte for både eiga formidling og tilbodet.
Nasjonale ambisjonar
Før ei samanslåing kan skje, er det ein viktig føresetnad som må på plass. Som nasjonalt senter for forteljekunst må Sande-senteret styrkast både økonomisk og fagleg. Senteret treng fleire fagpersonar og større kapasitet. Dette jobbar utviklar ved Jakob Sande-senteret, Liv Hege Skagestad, med.
– Eit nasjonalt senter for forteljekunst må ha ei minimums grunnfinansiering frå det offentlege tilsvarande fem heile stillingar, der to nye fagstillingar innan forteljekunst er. At finansieringa her er på plass er avgjerande, seier Skagestad. Sande-senteret vil halde fram å samarbeide med ulike kunst-, utdanning- og innovasjonsmiljø i Noreg og internasjonalt.
Musea i Sogn og Fjordane kan heller ikkje sjå at det er mogleg å gjennomføre ei slik opprusting innafor Musea sine noverande økonomiske rammer. Det er søkt om midlar frå både Kultur- og likestillingsdepartementet og Vestland fylkeskommune.
– Vi er opptekne av at vi må fusjonere som likeverdige partnarar, så det er viktig at vi kan få opprustinga på plass før samanslåinga, seier Jan Heggheim.
Fakta
Forteljinga har hatt – og har framleis – ein heilt sentral plass i mennesket sitt mentale, sosiale, kommunikative, kulturelle og materielle liv. Forteljinga har forma oss som menneske. Forteljekunsten er såleis grunnleggande viktig for alle menneske, sektorar og samfunn og ein vesentleg del av den immaterielle kulturarven i Noreg.
Fakta
Jakob Sande senter for forteljekunst er ein del av foreininga Jakob Sande-selskapet, som skal styrke interessa for Jakob Sande sitt forfattarskap. I 2020 opna Jakob Sande-senter for forteljekunst i barndomsheimen til Jakob Sande, Klokkargarden i Fjaler kommune.
Senteret driv mellom anna residensordning, gjennomfører eit eige forteljekunstakademi og held arrangement og produksjonar som bygger kunnskap og gjev opplevingar innan forteljekunst.
Jakob Sande (1906-1967) frå Dale i Sunnfjord gav ut ti diktsamlingar og tre novellesamlingar. Han var og er ein folkekjær diktar der mange av dikta er tonesette, som «Det lyser i stille grender».