Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
misf/misf-logo-og-pride-flagg-1.66.jpg.
Publisert 10/06/2022

Markerer Pride 2022

Når vi feirer Pride i Sogn og Fjordane, heiser musea flagget til søtte for fridom til å vere den ein er.

Opp igjennom historia har menneske fått tildelt ulikt menneskeverd av den styrande majoriteten. Grupper av menneske som vedkjenner seg ei tru, har ei seksuell orientering, eit etnisk opphav eller ein livsstil ulik majoriteten, får negative merkelappar.

Konsekvensane har vore rå, også i Norge. Sjølv lovverket har vore trakasserande, diskriminerande og undertrykkande for fleire grupper. Sterilisering av romanikvinner. Undertrykking av samisk identitet gjennom til dømes språkforbod. Kriminalisering av sex mellom menn. Sjølv grunnlova hadde ein “jødeparagraf” som nekta jødar tilgang til riket. Lista er mykje lenger.

Meiningslaus straff

Meiningsløysa i å straffe folk for den dei er og den dei er fødd som, har etter kvart blitt synleg. Aksept for at mennesket er mangfaldig, og at alle menneske skal ha universelle rettar, er no eit dominerande verdisett. I 2017 fekk Norge ei eiga likestillings- og diskrimineringslov. Den skal sikre likeverd, like mogelegheiter og like rettar.

I år markerer vi at det er 50 år sidan forbodet mot homofili vart oppheva. I åra etterpå har skeive kjempa seg til mogelegheiter og rettar som majoriteten har tatt som ei sjølvfølge. I juni kvart år heiser kommunar over heile landet pride-flagget, vi går i pride-tog, verksemder frontar regnbogeverdiar om inkludering og mangfald. Menneskeverdet har byrja å bli likare fordelt.

Musea heiser flagget

Musea i Sogn og Fjordane støttar Pride-markeringa. Sjølv om kampen mot undertrykking har hatt mange sigrar, er den ikkje over. Lovverket sikrar likeverd, men «homo» er framleis hyppig brukt som skjellsord i skulegarden. Hatkriminalitet trugar både samfunnsdebatten og menneske sin tryggleik. Løftar vi blikket, er homofili framleis kriminalisert i 68 land.

10. - 12. juni vert Pride markert i Sogn og Fjordane. Denne helga heiser vi Pride-flagget til støtte for fridom til å vere den ein er.