Musea i Sogn og Fjordane
misf/2022-08-05_10-03_nrm-23.jpg
Publisert 08/08/2022
Av Henning A. Hellebust

Reiser heim for å drive reiselivsmuseum

Etter 30 år med ulike roller i reiselivet, tek Guri Våge Mossige over som leiar for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand

– No gleder eg meg veldig til eg har fått landa og sett meg inn i systema, så eg kan byrje å jobbe med det kreative. Som å få i gong gode samarbeid og utvikle lågterskeltilboda, seier Guri Våge Mossige.

Samtidig som mykje er nytt for den ferske museumsleiaren, er det likevel ganske så familiært. Ho er nemleg vaksen opp i Balestrand, og skal vekependle frå Voss der ho bur med familien. I gongen like utanfor det nye kontoret sitt, kan ho sjå rett inn der ho starta karrieren i reiselivet – Kviknes hotell – som er bygd saman med museet.

Starta i budeiebunad

– Det byrja med at eg hadde arbeidsveka på ungdomsskulen på Kviknes hotell. Det førte til at eg jobba 10-11 somrar på hotellet. Der sto eg mellom anna i budeiebunad og selde suvenirar, mimrar ho.

Ho var hekta på reiseliv, og tok reiseliv fagskule og bachelor i hotell-leiing. Som nyutdanna jobba ho som dagleg leiar for Sognefjord reiseliv. Fjærland, Vik, Leikanger og Balestrand var blant destinasjonane ho jobba tett med. Etter kvart vart det prosjektoppdrag for verksemder som Hanen og Vossameny, før ho fann sin plass som lærar i reiseliv på yrkesfag på Voss vidaregåande skule.

Guri Våge Mossige står bak ein monter med ein stor, gamal koffert i.
Museumsleiar Guri Våge Mossige er mellom anna opptatt av ungdom som målgruppe. Ho tenkjer at museet har potensialet til å starte ein god dialog med ungdom, som kan gje dei ein pause frå alt det digitale.

Historieutdanna

– Samtidig har eg også tatt ein bachelor i historie, og jobbar no med ein master i historiefaget kulturmøte. Eg satsar på å skrive ei oppgåve som er relevant for museet. Dette studiet er ei fin kopling til museumsjobben, seier ho.

Guri Våge Mossige ser på seg sjølv som ein reiselivsperson, ein som brenn for reiselivet. Spesielt er ho opptatt av dei gode historiene og god formidling, at reiselivet skal ha eit godt innhald.

– No jobbar eg med å sette meg inn i museet sine oppgåver, prøver å finne fram til ein kjerne, ein grunntanke. Dette med at museet skal vere ein formidlingsstad for både forsking, bransjen, turistar og andre besøkande. Så får vi saman lage ein plan som står stødig i dette fundamentet, seier ho.

Guri Våge Mossige står framfor ei rekke med bygningar, inklusive Reiselivsmuseet.
Det var kanskje her på kaia i Balestrand at turismen byrja ein gong på 1800-talet. Guri Våge Mossige skal leie Norsk Reiselivsmuseum, som ligg bak til høgre.

Manglar erfaring frå museum.

– Eg har ikkje jobba på museum, men mykje med formidling. Samlingsforvaltning til dømes, har eg mindre kompetanse på. Då er eg så heldig at eg har gode kollegaer både her i Balestrand og Musea i Sogn og Fjordane som skal vere med å bidra, seier ho.

Som leiar er ho ein som jobbar for å få gode team. At alle skal få bruke styrkane sine og utvikle seg sjølv.

– Her på museet er vi eit veldig fint lag. Vi skal ikkje ha skott, vi skal diskutere saman. Tre hovud tenkjer betre enn eitt, avsluttar ho.