Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Eit brettspel med motiv av eit kart med ungar som sit oppå.
Publisert 11/08/2023
Av Henning A. Hellebust

Inviterer skular og barnehagar på museum

Akkurat no har vi over 20 ulike undervisingsopplegg for skular og barnehagar. Stina Celine Gjerdingen er ein av pedagogane som jobbar med å skape begeistring.

Tre lag, tre fraktejekter som konkurrerer om å komme først til Bergen med lasta si. Ein liten flokk ungar på eit spelebrett på golvet mellom gamle dieselmotorar og tønner på Kystmuseet.

– Dei lever seg veldig inn i historia om å vere om bord i ei jekt og verda dei møter i spelet. Ingen av dei har høyrt om jektefart før dei kjem, men tykkjer det er spennande. Dei renn over av spørsmål, som kvar dei sov, om det var kvinner om bord, kva dei åt, og så vidare, seier museumspedagog Stina Celine Gjerdingen ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Spelebrukker forma som båtar med segl, på eit spelebrett.

Spelet er ein del av det nyutvikla skuletilbodet «Båtar og leik» som straks vert tilgjengeleg for skulane. I tillegg til sjølve spelet, får elevane omvising i museet sin store båthall. Her får elevane historier om bruken av dei ulike båttypane, om livnæring og kontakt med omverda. Ein tredje del av tilbodet, er å bygge sin eigen enkle modell av ei jekt.

Over 20 ulike tilbod

Båtar og leik er berre eitt av vel 20 tilbod dei forskjellige pedagogiske opplegg musea våre tilbyr barn og unge. Opplegga er tilpassa ulike årstrinn, frå barnehage til vidaregåande skule. Alt er samla på nettsida Museumslosen.no. Her får læraren den informasjonen ein treng for å vurdere tilbod og kompetansemåla dei er knytt til.

Spennet i tilbodet stort. Frå å ta del i tradisjonelt gardsarbeid på folkemuseum til å få innblikk i norsk postkorthistorie på Norsk Reiselivsmuseum. Eller ein kan få prøve gamaldags skule, oppleve gamaldags jul eller gamaldagse kle. Fleire museum har også opning for spesielle ønskje om skreddarsydde opplegg.

– Når vi planlegg nye tilbod tek vi utgangspunkt i utstillingane, samlingane og historiane museet forvaltar. Samtidig er det viktig at det passar inn i skulen sin læreplan og oppfyller kompetansemål for dei ulike aldersgruppene. Det er viktig at det passar inn i det dei skal lære på skulen, og kan utfylle det, seier Gjerdingen.

Enkle modelljekter laga av elevar på rad.
Elevane lagar enkle modellar ev ei jekt, som dei får med heim.

I «Båtar og leik» er det mellom anna henta læringsmål frå samfunnsfag, der ein skal utforske kulturminne og livnæring i fortida og samanlikne med i dag, og kunst og handverk, der båtbygginga kjem inn.

Viktig supplement

Musea gjev lærarane ei mogelegheit til å fylle ut den kunnskapen dei elles jobbar med på skulane. Omgjevnadane, bygningane og gjenstandane set kunnskap inn i ein samanheng ein ikkje kan gjere i eit klasserom. Her kan ein bruke sansane – sjå, lukte, kjenne – og prøve ting ein ikkje får gjort andre stader.

– Noko av det beste er at lærarar seier at elevar som elles tykkjer det er vanskeleg å jobbe konsentrert på skulen, blomstrar opp her. Denne måten å lære og erfare på, gjer at ein del elevar som vanlegvis ikkje får skine i timane, kan gjere det. Ein skuledag på museet gjev meir variasjon i skulekvardagen, noko eg trur alle har godt utbytte av, seier Gjerdingen.

Noko for dykkar skule?

Ved å trykke deg inn på Museumslosen vil du sjå dei tilboda den enkelte museumsarena rundt i Sogn og Fjordane tilbyr. Der kan du få oversikt, bestille direkte, eller stille spørsmål.

Tilboda er i all hovudsak gratis.

Finn du ikkje det du leitar etter? Kontakt det enkelte museum direkte, via kontaktinformasjon på nettsidene våre, misf.no.