Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Torunn Beck held ei steinhakke i eit solid grep, ståande ved sidan av ein kvernstein.
Publisert 10/08/2023
Av Henning A. Hellebust

Gir seg som museumsleiar

Etter eitt år i jobben takkar Torunn Beck for seg som museumsleiar ved Kvernsteinsparken.

– No skal eg tilbake til min gamle arbeidsgjevar Norsk skogfinsk museum som seniorrådgjevar og museumsgartnar. Det er eit minoritetsmuseum, noko som ligg mitt hjarte nær, sidan eg sjølv er av sørsamisk ætt. Så er eg også ein praktikar, og eg lengtar tilbake til gartnarstillinga eg hadde før, seier Torunn Beck.

Den avtroppande museumsleiaren legg ikkje skjul på at pendlinga frå heimen i Ås, sør for Oslo, også har vore krevjande. Sjølve jobben har heller ikkje vore enkel. Ho tok over ei stilling som hadde stått tom i halvanna år

To elevar og ein skjeggete smed held glødande jarnstenger i smia.
Mange jern i elden: To elevar frå skuleprosjektet i Kvernsteinsparken viser fram nokon av kunstane sine i smia under Kvernsteinsmarknaden.

– Det har vore utfordringar med litt lite kontinuitet, mykje veldig spennande arbeid har vore gjort før, men har blitt liggande. Vi er ein liten stab, så det har vore mykje å ta tak i, seier ho, samtidig som listar ho opp mykje positivt som skjer i og rundt Kvernsteinsparken.

Mykje bra på gang i Hyllestad

Ho siktar mellom anna til Fjordkysten regional- og geopark, som tek utgangspunkt i den same unike geologien som kvernsteinen er basert på. Dei jobbar blant mykje med å få området inn på Unesco si verdsarvliste. I samarbeid med Hyllestad kommune, Fjordkystparken og Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter, ønskjer Musea i Sogn og Fjordane å bygge eit nytt, felles kontorbygg i Kvernsteinsparken, der Fjordkystparken også kan ha kontor.

Dessutan har Hyllestad kommune i gang fleire initiativ for å få opp bulyst og trivsel i kommunen, og reiselivet er i positiv utvikling. I tillegg er det frivillige Kvernsteinslauget starta opp att, etter å ha lege nede ei stund. Den lokale entusiasmen i frivilligheita er viktig for den vidare utviklinga til Kvernsteinsparken. Den avtroppande museumsleiaren har lagt ned ein viktig innsats for å utvikle samarbeidet lokalt, både med kommunen, senteret, parken, lauget og andre.

Ein mann med skjegg kledd i vikingkostyme dreg handkverna.
På lag med Vikingane: Venar av frendar vikinglag er ein viktig samarbeidspart og innslag i parken. Her under Kvernsteinsmarknaden, som vert arrangert kvar juni.

– Eg trur Fjordkystparken kan gje oss utviklingsmogelegheiter, spesielt innan formidling. Elles er det eit stort potensial i å drive meir historisk og kulturhistorisk forsking knytt til produksjonen og handelen med kvernstein. Det har vore ein stor kultur kring dette, og her er det enno mykje vi ikkje veit, seier Beck.

Jobbar for større fagmiljø

– Torunn har gjort ein god og viktig jobb for oss. Særleg har ho vore god på å bygge gode relasjonar i lokalsamfunnet. Det er synd at ho gir seg alt no, seier administrerande direktør Jan Heggheim.

Musea i Sogn og Fjordane er i dialog med Hyllestad kommune og Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter om korleis legge kabalen framover. Ei eventuell samlokalisering med Fjordkystparken vil vere viktig for å få eit litt større miljø på staden.

– Vi ser at det er svært viktig med både interessante arbeidsoppgåver og eit godt fag- og arbeidsmiljø når vi skal rekruttere. Så vi jobbar med å finne løysingar som kan stå seg. Kvernsteinsparken har ei svært viktig oppgåve i å formidle ein over tusenårig industri, så vi er heilt avhengig av å kunne tilsette gode folk som slår seg til, seier Heggheim.