Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Signerer avtale som ligg på eit blått bord, kameramann frå NRK filmar.
Publisert 01/11/2022
Av Henning A. Hellebust

Signerte avtale, klar for bygging

– Ein merkedag for kulturarven i Sogn og Fjordane, seier Jan Heggeheim, administrerande direktør ved Musea i Sogn og Fjordane, etter å ha signert avtale med Åsen og Øverlid om bygging av fellesmagasin.

Første november 2022, minst 30 år etter at ein byrja å jobbe med dei første planane, er realiseringa av felles magasin for samlingane til Musea i Sogn og Fjordane nærare enn nokon sinne. Musea signerte byggekontrakt med Åsen og Øverlid, og arbeidet kan byrje.

– Inklusiv foto har vi 165.000 kulturhistoriske gjenstandar og kunstverk. Oppbevaringa i dag varierer frå optimal til alt for dårleg. No får vi ei løysing på det. Fellesmagasinet set oss i betre stand til å ta vare på gjenstandane og få fram ny kunnskap, seier administrerande direktør Jan Heggheim i Musea.

Stort løft for kulturarven

Planen er at magasinet skal vere klart til innflytting til jul i 2023.

– No blir det først ein liten periode med å få på plass byggesøknader, og så byrjar vi arbeidet tidleg på nyåret, seier Finn Ove Øen, dagleg leiar i Åsen og Øverlid.

Omvising i båtmagasinet, der gamle trebåtar er stabla i stativ, to i høgda.
Rundt 30 båtar er allereie komt i hus. Øyvind Tåsåsen (gul jakke) er prosjektleiaren til Musea i Sogn og Fjordane. Etter signeringa tok han med dei frammøtte på omvising.

Magasinet vil gje betre oversikt over gjenstandane, og det vil vere gode oppbevaringsforhold i magasin som har både klimakontroll og skadedyrkontroll. Dette er viktig for å hindre nedbryting av gjenstandane, slik at dei kan bli med oss inn i framtida. Det vil bli eit stort løft for Musea i Sogn og Fjordane, eit viktig bidrag å sikre den rike kulturarven vår.

Eige båtmagasin

Fellesmagasinet vil romme ulike magasine til ulike føremål. Alt frå kunst til båtar. I Sogn og Fjordane har vi mange lokale tradisjonsbåttypar som vi no kan ta vare på i gode magasin. Dette vil vere viktig for å bevare kjeldeverdien som desse båtane har for framtida.

Betre arbeidsforhold

– I fellesmagasinet vil det vere tilrettelagt for betre arbeidsforhold. Alle gjenstandar som skal til fellesmagasinet skal gjennom ein prosess som består av reingjering, fotografering, registrering og til slutt plassering av gjenstanden på magasin, seier samlingsforvaltar Kristian Tystad, som ser fram til å komme i gong med flytting i 2024.

Fire personar oppstilt i stor, tom hall.
Nils Åge Kvamme, Kristine Ness, Kristian Tystad og Martine Due Sivertsen er representantar for fagfolka som skal bruke magasinet mest, konservatorane og samlingsforvaltarane.

Fellesmagasinet i Angedalen vil vere for alle museumsavdelingane som er ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Gode lagringsforhold for museumsgjenstandane sikrar at musea har plass til tilvekst og samlingsutvikling i tida framover.

Når fellesmagasinet er ferdigstilla med alle fasilitetar, får vi også studiemagasin der vi kan ta imot skuleklassar og grupper. Her vil det vere tilrettelagt for å sjå på gjenstandar i trygge omgivnadar.

Langvarig behov

Musea i Sogn og Fjordane har over 110.000 gjenstandar i samlingane, i tillegg til foto. Ei oversikt syner at 54 prosent av dei kulturhistoriske og 37 prosent av dei kunsthistoriske, vert ikkje oppbevart tilfredsstillande.

Sidan tidleg 1990-tal har det vore jobba for eit felles magasin for museumssamlingane i Sogn og Fjordane våre. Det har vore peikt på plassmangel og ugunstige oppbevaringsforhold. Det er svært viktig at også kulturskattane som ikkje er synt fram i ei utstilling, får akseptable lagringsforhold.

Stor tre-kasse med lapp med gjenstandsnummer.

Kostnader

Ramma for avtala med hovedentreprenør Åsen og Øverlid er på 62 millionar kroner. Byggesteget har ei kostnadsramme på 76 millionar kroner. Kulturdepartementet bidreg med 40 millionar, fylkeskommunen med 20 millionar. Dei resterande kostnadene dekker Musea i Sogn og Fjordane mellom anna med 10 millionar kroner i eigenkapitalinnsats.

To byggesteg

Musea får ikkje realisert heile fellesmagasinet i dette byggesteget. Hovudårsaka til det, er ein betydeleg kostnadsvekst sidan prosjektmidlar vart omsøkt. Musea i Sogn og Fjordane har difor jobba med å redusere omfanget av ombygginga, i tillegg til å dele prosjektet opp i to fasar. Byggesteg to vil krevje ytterlegare finansiering for å fullføre.

Trailerportar på bygget.
Her vart det sendt Grandiosa-øskjer ut, då bygget husa Ramstad eskefabrikk. Om eit drygt år, skal det kulturhistoriske gjenstandar inn.
Tidslinje for fellesmagasinet

2022 Signering av kontrakt og anleggstart med Åsen & Øverlid.

2021 Anbodsutlysing - oppgradering av fabrikkbygningen til magasin .

2019 Kulturdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune løyver til saman 60 millionar kroner til fellesmagasin i Angedalen.

2018 På grunn av manglande finansiering blir «Kløften» skrinlagt til fordel for eit fullverdig fellesmagasin i Ramstad eskefabrikk.

2017 Musea i Sogn og Fjordane kjøpte Ramstad eskefabrikk i Angeldalen for 11,8 millionar kroner for ei delt løysing med eit nedskalert «Kløften».

2015 Finansutvalet i fylkeskommunen vedtek å nedskalere «Kløften»

2011 «Kløften» vann arkitektkonkurranse som fellesmagasin i Movika. Finansiering let vente på seg i åra som kjem.

2009 Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane vert etablert.

2007 Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å ta ansvar for å realisere fellesmagasin for musea i fylket.

2007 Rapport slår fast at Musea har eit samla magasinbehov på 3000 kvadratmeter. Oppbevaringstilhøva for store deler av samlingane er for dårleg.

1998 I Sogn og Fjordane fylke sin Museumsplan 1998-2001 er etablering av sentralmagasin for alle musea tatt med som ei av dei viktigaste oppgåvene i sektoren.