Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Jan Heggheim framfor gamle museumsbygg.
Publisert 06/10/2022
Av Henning A. Hellebust

Statsbudsjettet 2023: Opprettheld støtta

I forslaget til neste års statsbudsjett ligg Musea i Sogn og Fjordane inne med eit tilskot på 42,5 millionar kroner. Det er ei lita auke, men i underkant av venta prisvekst.

– Vi er glade for at vi i ei vanskeleg tid kan halde fram med å løyse samfunnsoppdraget vårt med nokolunde same ressursar som tidlegare, seier administrerande direktør Jan Heggheim.

Musea i Sogn og Fjordane planlegg store byggeprosjekt i åra som kjem. Nytt, stort fellesmagasin for trygg oppbevaring av samlingane i Angedalen og verne- og formidlingsbygg til Holvikejekta på Sandane. Desse løyvingane står fast, prosjekta går etter planen.

Samtidig slit institusjonar som Musea i Sogn og Fjordane med veksande løns- og pensjonsplikter. Det er store etterslep på vedlikehald av museumsbygningar.

– Det ser ikkje ut til at vi får hjelp til å handtere desse utfordringane i dette budsjettet, seier Heggheim.