Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Jan Heggheim med hjelm og gul vest på byggeplass.
Publisert 06/10/2023
Av Henning A. Hellebust

Statsbudsjettet: nedtrykkande

Under synfaring i det nye Tinghuset vårt, konstaterer administrerande direktør Jan Heggheim at statsbudsjettet ikkje løyver pengar til drift av bygget som skal huse viktige deler av kulturarven vår.

– Det har skjedd mykje positivt for Musea i Sogn og Fjordane i det siste, men forslag til statsbudsjett for 2024 er eit godt steg tilbake, seier Jan Heggheim.

Han er på ei runde i Angedalen for å sjå korleis ein ligg an med bygginga av vårt nye fellesmagasin, Tinghuset. Bygginga er i rute, og skal vere klart rundt årsskiftet. Det skal ta vare på mange titusen gjenstandar. Så kjem statsbudsjettet, og det viser seg at det ikkje følgjer med pengar til å drive bygget.

misf/2023-10-06_09-50_tinghuset_statsbudsjett-3.jpg.
Eitt av magasina i Tinghuset byrjar å bli ferdig. Her skal det stå store skyvereolar fulle av kulturskattar.

– Det betyr at vi må ta pengar frå andre deler av dei nedpinte ressursane våre til å halde Tinghuset i drift, seier han.

Dramatisk for Kystmuseet

Dette er langt frå den einaste utfordringa. I Florø står Kystmuseet i Sogn og Fjordane med store lekkasjar som trugar samlingane der. Dette har vi ikkje fått løyvingar til.

– Det er dramatisk for Kystmuseet. Vi flyttar rundt på gjenstandar for at dei ikkje skal ta skade. Det hastar verkeleg med å få gjort noko med bygningsmassen, men vi har fått avslag også på den søknaden, seier Heggheim.

Ei anna utfordring handlar om at Astruptunet til neste år står ferdig renovert. Med det aukar behovet for bemanning for å legge til rette for og gje publikum gode opplevingar.

Astruptunet i ein skvis

– Det blir veldig utfordrande å løfte publikumsopplevinga utan ekstra ressursar. Også her kan det bety at vi må hente ressursar frå andre område for å sikre at Astruptunet har nok bemanning. Det er svært uheldig, seier Heggheim.

Revebjeller frmfor gamle trehus i Astruptunet.
Både bygningar og hage er kraftig rehabilitert på Astruptunet.

Musea i Sogn og Fjordane jobbar med å auke eigne inntekter frå billettsal, kafé, butikk og arrangement. Men potensialet på kort sikt er langt unna dei store driftsbehova og etterslepet i vedlikehaldet.

– Midlar til ordinær drift og vedlikehald er allereie på eit lågt nivå. Nye drifsoppgåver gjer at vi må redusere innsatsen ytterlegare. Dette er ikkje bra med tanke på oppgåva vår, å ta vare på kulturarven og formidle kunnskap om den same, seier han.