Ho er nok av dei som gler seg mest over at bygget er klart til innflytting, konservator Kristine Ness, som til dagleg jobbar ved Sunnfjord Museum. Ho har vore med å planlegge prosjektet som representant for fagfolka som skal bruke bygget. Eit par dagar før kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery kjem for innvie magasinet, tek ho oss med for å vise fram kva statsråden skal fyre av startskotet for.
– Dette blir ei ny tid for oss, på mange måtar. Gjenstandane får topp oppbevaringsforhold, men her samlar vi også eit sterkt fagmiljø. Dei vil få svært gode føresetnader for å ta vare på kulturarven vår, seier ho.
Utforma for ∞
På utsida ser det ut som eit vanleg industribygg. Ein litt anonym fasade med lasterampar og store portar. På innsida skjuler det seg noko heilt anna. Lokale som er spesialutforma til å ta imot og ta vare på kulturhistoriske gjenstandar og kunst frå Sogn og Fjordane for framtida.
Fleirtalet av dei tolv musea våre har gjenstandar som ikkje har ideelle oppbevaringsforhold – det kan vere på grunn av plassmangel eller bygg som ikkje støttar krava. I det nye fellesmagasinet Tinghuset skal dei få ein sikker plass.
– Her vil dei bli plassert i oversiktlege og godt merka reolar, i magasin med ideell temperatur og luftfuktigheit og utan skadedyr, seier Kristine Ness.
Sikrar mot skadedyr
Når ei forsending med gjenstandar har kome inn porten, skal den gjennom ei lang runde. Først kjem den inn i eit såkalla skittent mellomlager, der gjenstandane ventar på neste steg. Det meste skal gjennom eit varmekammer for å ta livet av skadedyr. Enkelte ting toler ikkje varme, og må frysast, medan nokon gjenstandar heller ikkje toler nedfrysing, og må i karantene før dei slepp vidare.
Etter ei stund i 55 grader, blir gjenstandane tatt med inn på reint mellomlager. No har dei kome inn i den delen av bygget som er fritt for småkryp. Her vil tilsette sjå over kvar einaste gjenstand og fotografere den om det ikkje er gjort før, og sikre at all kunnskap ein har om gjenstanden vert registrert i ein database. Bilda og informasjonen blir til slutt publisert på DigitaltMuseum.
– Tinghuset har den funksjonen at det også gjer samlingane meir tilgjengelege for publikum. Etter kvart som vi fyller opp magasina her, vil enno større deler av samlingane våre bli tilgjengeleg for allmenta. Kven som helst kan gå inn på nettstaden til DigitaltMuseum, sjå bilete og lese om gjenstandane, seier ho.
Etter at tinga er registrert med nummer og informasjon, går turen til eitt av magasina. Magasinet for store gjenstandar og magasinet for kunst er klare til å ta imot. Alle gjenstandane får tildelt ein nummerert stad og ein strekkode, slik at den skal vere lett å finne att. Så blir dei plassert på plassen sin.
Sjølv om gjenstanden no er trygt plassert på ei hylle, betyr ikkje det nedvendig vis at den kjem til å bli liggande der.
Lettare arbeidet for mange
– No er det oversiktleg og enkelt å finne og ta ut gjenstandar for tilsette som planlegg utstillingar. Det same gjeld for til dømes forskarar, lokalhistorikarar og handverkarar som ønskjer å undersøke dei. Vi får eigne lokale til å ta ut gjenstandar for å studere dei nærare, både for oss på musea og eksterne, seier ho.
Enno er det ein del som manglar i Tinghuset. Publikumsdelen med studieplassar, undervisningsrom og publikumsmagasin, pluss eitt større magasin for mindre gjenstandar er ikkje klart. Tinghuset manglar framleis om lag 27 millionar kroner for ferdigstilling. Musea i Sogn og Fjordane jobbar for å få finansiert dette, slik at alle funksjonane ved bygget vert ivaretekne.
Etter opninga byrjar dei å ta inn utstyr og møblar. Så er det klart for eit pilotprosjekt for korleis logistikken i bygget skal gå føre seg. Gjennom å prøve ut arbeidsflyten med gjenstandar som har vore lagra på Løsetloftet og det såkalla Gulehuset på Sunnfjord Museum, får dei eit grunnlag for å lage gode rutine ein kan bruke i framtida.
Til deg som har lest heilt hit: fredag 2. februar får du vite kva den første gjenstanden som skal inn på magasinet er. Eit hint er "SUM.00001". Følg med!