Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Den gamle jekta står i eit naust ved Gloppefjorden. Arbeidsfolka blir små under skroget.
Publisert 29/09/2023
Av Henning A. Hellebust

Veidekke får bygge

Musea i Sogn og Fjordane har gjort avtale med Veidekke AS om å bygge nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta.

I anbodet vart det konkurrert om både pris og kvalitet. Veidekke AS hadde samla sett det beste tilbodet med eit beløp på 36,4 millionar kroner.  Med byggherrekostnad, sikringsmargin og ei ekstra utgift med å rive ein einebustad ved tomta, kjem prosjektet på 44,6 millionar kroner.

Bidragsytarar til finansiering er

  • Gloppen kommune (10,5 millionar kr)

  • Vestland Fylkeskommune (12,5 millionar kroner)

  • Kulturdepartementet (12,5 millionar kroner)

  • Gåvemidlar i Gloppen (1,8 millionar kroner)

  • Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane (1,5 millionar kroner)

  • Gåveforsterkingsmidlar (0,3 millionar kroner)

  • Musea i Sogn og Fjordane (5,3 millionar kroner).

Arbeidet i gang

Som bilda syner, er førebuingane til bygginga godt i gang. I september har Hardanger fartøyvernsenter jobba med å gjere jekta klar for ei lita "reise". I byrjinga av oktober skal den flyttast 60 meter, til ein rubbhall, der ho skal stå i heile byggeperioden.

Holvikejekta innramma av innsidene av rubbhallen like ovanfor.
Holvikejekta skal flyttast opp hit i ein rubbhall medan bygginga foregår.

Det går framleis ein prosess med rammeløyve og igangsetjingsløyve, men ein reknar med at alt skal vere klart for byggestart før årsskiftet. Med ei byggetid på elleve månader, tyder det på ei ferdigstilling av bygget seinhaustes 2024.