Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Hand held mobil som syner ny nettside framfor museumsbygg.
Publisert 20/06/2022
Av Henning A. Hellebust

Vi har fått ny nettside

Med ny nettside håpar vi fleire vil finne oss og bli inspirert til å søke opplevingar og fellesskap på dei tolv musea våre.

Det viktigaste for oss i arbeidet med å utforme sidene, er at publikum, med sine ulike preferansar og behov, lett skal finne tilbod og informasjon som er relevant.

Noko av det første som møter deg på nettsida no, er difor ei oversikt over opplevingane du kan få hjå oss. Du kan velje utstillingar, aktivitetar eller arrangement. Dessutan har vi vektlagt å løfte all praktisk informasjon du treng for å planlegge eit besøk til oss rundt i Sogn og Fjordane – trykk på knappen «planlegg besøket ditt» på det enkelte museum!

Digital booking

I samband med lansering av ny nettside, legg vi for første gong ut digitale inngongsbillettar. Mange besøkande ønskjer føreseielegheit, og ved å booke billettar på førehand, kan det gje ein ekstra tryggleik, spesielt om du kjem langvegs frå. No kan du også kjøpe museumspass digitalt. Museumspass er ein inngongsbillett til alle musea, til ein sterkt rabattert pris.

Via den nye nettsida vil du også finne at vi har etablert oss på Museumslosen, ein database for pedagogar som syner oversikt over tilboda våre til skular og barnehagar. Her kan du søke på innhald etter klassetrinn, tema, fag og mykje meir – ikkje berre ved våre museum, men over heile Vestlandet.

Utviklar tilbodet vidare

Ikkje all informasjon er med over frå dei gamle sidene. Spesielt kunnskapsdelen, der vi presenterer samlingane, forskinga og bevaringsarbeidet vårt, vil bli langt meir fyldig. Her jobbar vi med å utvikle format som gjer at vi betre kan fortelje gode historiar til fordjuping. Vår ambisjon er å gje gode museumsopplevingar også på nettsidene, eller digital formidling, som det heiter på museumsspråket. Vi skal også få på plass ei god plattform for dei som har faglege problemstillingar dei vil ha hjelp til, og mykje meir.

Slik navigerer du

Finn du ikkje det du leitar etter ved å scrolle nedover sida? Trykk på dei tre strekane øvst til høgre, då opnar det seg ein oversiktsmeny. Finn du framleis ikkje det du leitar etter der? Trykk på "søk" og skriv inn det du leitar etter, eller spør oss vi kontaktinformasjonen.

Lokal utviklar

Etter ei anbodsrunde hausten 2021, var det Førde-verksemda Mediebruket som fekk oppdraget med å designe og utvikle nettsida. Dei har hjelpt oss gjennom ein prosess som byrja med å vurdere ulike brukargrupper for nettsidene og deira behov. Så har sida blitt designa, og funksjonalitet utvikla. Til grunn ligg også vår nye visuelle profil, lansert 2. februar 2022. Denne har til dømes gitt det enkelte museum eigen logo. Den peikar på identiteten til det enkelte museum, samtidig som den syner samhøyre med alle dei andre musea i stiftinga.

Henning A. Hellebust
Kommunikasjons­rådgjevar