Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Svartkvittbilde av frakteskute ved kai saman med fleire robåtar.

Ønskjer du kopi av foto?

Ønskjer du kopiar av bilder frå våre fotosamlingar eller av gjenstandar, kan du sende førespurnad om det her.

Ved fylle ut og sende inn eitt av dei to ulike skjemaa nedst på sida, kan du sende oss førespurnad om kopi av eit gjenstandsfoto eller kopi av eit fotografi frå fotosamlinga vår.

Vi ønskjer å gjere samlingane våre tilgjengeleg for publikum og jobbar for å betre fototilbodet vårt. Musea har i dag ulike føresetnader for å arbeide med foto, og tilbodet kan difor variere noko. Fyll ut skjema, så hjelper vi deg så godt vi kan. Vi gjer merksam på at Musea i Sogn og Fjordane ikkje har eigen fotograf. Vi kan i hovudsak tilby sal av beste versjon digital biletefil som er lagra (ikkje trykte foto). Dersom ein gjenstand må fotograferast på nytt, eller eit fotografi frå fotosamlinga krev ny behandling, gjeld andre prisar og vilkår. Dette vil handterast per førespurnad.

Digitalt Museum finn du gjenstandsfoto med lågare oppløysing av dei fleste registrerte gjenstandane. Desse kan du laste ned frå nettstaden vederlagsfritt til privat bruk, men vi ber deg sjå til at bildet sin lisens tillèt ønskja bruk.

Om ikkje anna vert opplyst er leveringstid innan tre veker, men kan vere noko lenger ved ferieavvikling.

Prisar

For digital kopi av filer i høgste tilgjengelege oppløysing i jpg-format.

Fotosamling (kopi av fotografi i fotosamling)

  • Privat bruk (ikkje offentleggjering/publisering): Kr 100,-

  • Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar og frivillige organisasjonar: kr. 100,-

  • Redaksjonell bruk i utstilling, TV, film, bøker, tidsskrift, aviser, internett: kr. 600,-

Gjenstandsfoto (kopi av foto av gjenstandar i samlingane)

  • Privat bruk: kr 200,-

  • Redaksjonell bruk i produkt og bøker for sal, for bruk i utstilling, TV, film, aviser, internett: kr 750,-

  • Redaksjonell bruk i vitskaplege publikasjonar, forsking, undervisning, museum, historielag og kulturinstitusjonar: kr 200,-

*Alle prisar er inklusiv mva.

Skjema for å bestille

Kopi av gjenstandsfoto












Skjema for å bestille

Kopi av bilete i fotosamling