Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Kruthorn.
Publisert 06/10/2023
Av Marie Nicolaisen

Kruthorn - månandens ting i oktober

For å syne fram den varierte samlinga vår legg vi kvar månad ut #månandensting. Hausten er jakttid, så for oktober har vi funne fram eit 200 år gamalt kruthorn.

Eit kruthorn blei bruka til munnladningsvåpen og våpent med flintlås. Som namnet fortel oss vart kruthorn gjerne laga av horn, og bruka til oppbevaring av svartkrut. Eller, kanskje viktigare, for å halde kruttet tørt. Krut blei tømt ned i løpet, og i fengpanna, før våpenet vart fyrt av.

Børser blei vanleg i Noreg på 1500- talet. Bruken av kruthorn varte fram til slutten av 1800-talet, då gevær med metallpatronar blei vanlege. Dei fleste kruthorna i samlinga vår er frå 1700 og 1800- talet. Kruthornet vi har valt å syne, SUM 00801 er datert mellom 1780 til 1820 og i horn og kopar. Det er 16,7 cm langt og 5,8 cm breitt. Sjå samlinga vår av kruthorn på Digitalt museum.

Kruthorn vart oftast laga av horn av storfe eller geitebukkar. Munntappen er av kopar, men tre og andre materiale var også vanlig. Kruthorna, særlig dei som er nytta til jaktbruk, har ofte rike utskjeringar, både i form av ornament og symbol, figurar og tekst. På dette hornet ser du mellom anna ei seksbladrose.

Detalj av kuthorn. utskoren seksbladrose.
Seksbladrose er eit gamalt symbol som finnast i store delar av verda. I Norsk tradisjon er det truleg bruka som vern mot vonde makter, men også lykke i mjølk- og matproduksjon.

Bruken av skytevåpen i Noreg var både militært og sivilt. Jakt på rovdyr og som matauk var ein viktig del av det gamle bondesamfunnet. Dei mange sjølveigande bøndene hadde rett på jakt og fangst, som gjorde nordmenn våpenkunnige og til ettertrakta soldatar. På 1600-talet vart ein norsk, nasjonal hær oppretta som i all hovudsak bestod av norske bønder.

Blyantteikning. Heger med gevær.
"Jeger", blyantteikning av Adolph Tidemand, trulig 1835

Jakttradisjonen står framleis sterkt her i landet. I følgje SSB var det i 2022 registrert 134 100 jegerar i Noreg. I Vestland fylke var talet 13 700.

Vil du sjå meir frå samlinga vår? Du finn ei samling av månandens ting på i dette Facebookalbumet, og du kan søke i samlinga vår på Digitalt Museum.