Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/20240426_140855.jpg.

Dyreløypa

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Dyreløypa er ei natur- og kulturhistorisk vandrerute mellom Mostien og museet, som høver for både born og vaksne.
I løypa blir du kjend med den lokale faunaen ved hjelp av dyrefigurar, dyrelydar og informasjonstavler. På kvar post finn du ein QR-kode som vil vise deg til faktaarka om dei forskjellige dyra.
Her finn du også faktaark på engelsk og tysk.

Korleis virkar QR-kodar?

Dei aller fleste mobiltelefonar i dag har innebygd QR-kodelesar i telefonens kamera. Du rettar kameraet mot QR-koden for å lese av koden, og det kjem ei lenkje opp på skjermen. Trykk på lenkja for å opne PDF-fila med fakta om dyret. Om kameraet ditt ikkje har QR-kodelesar, kan du laste ned QR-app i App-store eller Google Play.

Turen startar på parkeringsplassen til Sunnfjord Museum. Du kan starte løypa i museumstunet med første post i løypa ved grinda. Løypa går vidare med ulike postar ved Movatnet og oppover gjennom skogen mot museumsstølen. I skogen er det litt bratt terreng, og ei lita ur, før du kjem opp til toppen med fin utsikt over Movatnet. Deler av løypa går parallelt med Mostien og kryssar den fleire stadar.

Frå stølen går løypa tilbake til museet gjennom skogen og Den Trondhjemske Postvei, og blir avslutta ved grinda nær parkeringsplassen. Du kan også gå Dyreløypa motsett veg, og starte på parkeringsplassen. Turen tek om lag 30 minutt og er ca 1 km lang

Monter og plakat montert ute i eit landskap. Gamle bygningar i bakgrunnen.
Siste post på løypa ligg attmed stølen. Her kan du lese om frosken. Klarar du å sjå kor mange rumpetroll som er i dammen i monteren?
Vis hensyn!

Dyreløypa er ei utstilling. Ikkje flytt på dyrefigurane.
Hugs å lat att grindar, og at hundar skal vere i band.
Grilling og bruk av eld er forbode.

God tur!