Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
I forgrunnen til høgre: gut som slår gras med stuttorv. Bak på venstre side Fjordhest med kjøresele.

Familiedag: Slåttedag

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Sommaren er her, og det er klart for nye familiedagar på Sunnfjord Museum!

Torsdag 3. juli får vi inn hestekrefter og slåttekarar for å slå teigen vår i Movika, og vi inviterer deg til å bli med på tradisjonelt slåttearbeid. Du kan vere med å rake og hesje, og vi lærer deg å slå med ljå og stuttorv.

Dette kan du oppleve på Slåttedagen:

  • Bli med på tradisjonelt slåttearbeid! Du kan lære å slå med ljå og stuttorv. Når graset er slått, rakar vi og heng det til tørk på hesene. Du treng ingen erfaring for å vere med - våre dyktige museumsarbeidarar lærer deg teknikkane.

  • Lag strådukker med representantar frå Norsk Bonde- og Småbrukarlaget. Lær om livet som småbrukarbonde i Sunnfjord.

  • Delta i folkeforskingsprosjektet Den ville pollinatortellingen. Tradisjonelle jordbruksmetodar er snille mot dei pollinerande insekta som lever i og av engene vi slår. Det er viktig å beskytte insekta slik at vi sikrar vekst av nye plantar til neste slått. Lær korleis å identifisere pollinerande insekt som humler og bier, og bli med på pollinatorjakt på museet.

  • Etter slåttearbeidet vert det servering av rømmegraut i Sersjantløa. Velkomen til bords!

Hjarteleg velkomen til Slåttedagen på Sunnfjord Museum!

sunnfjord-museum/20230706-2023-07-06-10-22-slattedag-12-22440149-foto_henning_a.__hellebust.jpg.
Vi viser slått med hesteslåmaskin. Som besøkande kan du denne dagen hjelpe med raking og hesjing.

Utstilling

I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika.
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Museumsbutikk og noko å bite i

Museumsbutikken er open og her er sal av kioskvarer som is, brus, kaffi og kjeks. Nokre varer er gluten- og laktosefri. Spør i resepsjonen. På familiedagar og dagar med arrangement sel vi vaflar.

Vi har nokre sitteplassar i museumsbutikken. På dagar med arrangement kan ein også sette seg inn i Huus-stova. Når det er godt vær kan vi anbefale å finne ein av sitteplassane ute i tunet.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. juni — 31. august
måndag til fredag 10:00 - 17:00
laurdag og søndag 12:00 - 17:00

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Honnør/Student: 100 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde