Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Reklameplakat med tre bilete av damer.

Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum inviterer til ei ny og spannande utstilling, Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika. Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke. Du møter komikarar som underheldt publikum i norske samfunn i storbyane Chicago og Minneapolis, og du fer heile vegen til Stillhavkysten for å bli kjent med felespelarar og dansarar som tok musikken med seg på sine reiser.

Ein eldre mann spelar hardingfele.
Spelemann Torfinn Steindal (f. 1910, d. 1999) utvandra frå Steindalen i Flora og busatt seg i Kent, Washington USA.

Utvandrarar som reiste på 1800- og 1900-talet arbeidde hardt for å klare seg i dei nye heimane sine og etablere seg i nye samfunn. Men korleis slappa dei av etter lange dagar på farmen eller i fabrikken? Korleis takla dei med humør utfordringane dei møtte med ukjent språk og skikkar? Kva fekk utvandrarane til å spele og synge, danse og le – og korleis kan slike innsikter hjelpe oss å forstå utvikling av innvandrarsamfunn i fortida og i notida? Slike spørsmål undersøkjer vi i den nye utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika. Velkomen til opning 1. juni!

Kalender:

søndag, 1. juni, kl. 12.30: Utstillingsopning og kuratoromvising

søndag, 6. juli, kl. 12.00: Gjendine og Jørgine - frå Bøverdalen til New York (Førdefestivalen konsert - kjøp billett her)

laurdag, 6. september, kl 12.00: Migrasjonsminner med Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie

laurdag, 27. september: norsk-amerikansk felespelar Beth Hoven-Rotto
kurs kl. 14, konsert & dans kl. 18 - informasjon om påmelding og billetter kjem snart

torsdag, 9. oktober, kl. 19.00: Historietime: Underhalding i det norske Amerika

sunnfjord-museum/crossings200_nor_logo_gold_pos_liggende.png.