Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/crop3_20231102_flugedahlm_014sp.jpg.

Migrasjonsminne med Memoar

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Sunnfjordingar drog i tusental til Amerika. Dei skapte endring - både der og her. Det siste året har Memoar (norsk organisasjon for munnleg historie) og ei gruppe lokale eldsjeler samla inn spor av migrasjonshistoria slik ho vert fortald i dag, 200 år etter at dei fyrste drog. Nye forteljingar har kome opp. Gamle soger har kome på nye måtar. Nå skal dei delast! Den sjette september kl 12. inviterar Sunnfjord Museum til migrasjonsminne-deling i utstillingssalen. Eit panel fører an: 

  • Vidar Fossen - slektsgranskar med syn for dramatikken bak statistikkane.

  • Einar Eimhjellen - musikaren som drog etter utvandrarane, for å høyre og sjå kva som hadde hendt med felene dei drog med seg.

  • Theresa Årdal Connor og Sallie Anna Pisera, som begge oppdaga røtene sine og utvandra i motsett retning, frå Amerika til Sunnnfjord. 

  • ...og Bjørn Enes frå Memoar, intervjuaren og minnesamlaren som også gjerne vil sleppe fram andre av dei som har forteljingar å dele.

Dette blir starten på den lokale markeringa av Utvandrarjublileet, som skal halde fram i Førdehuset resten av ettermiddagen og kvelden. Sjå meir detaljar hjå Sunnfjord bibliotek og Memoar.

(Foto: Marie Fluge Dahl frå Sanddalsstrand i Jølster og borna sine held i eit amerikansk flagg på statborgarskapsseremonien til Marie i Minneapolis i Minnesota, 17. mai, 1943.)

Ein eldre mann spelar hardingfele.
Besøk "Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika" - utstilt på Sunnfjord Museum fram til 17. oktober! Her blir du kjent med historiene til blant annet Torfinn Steindal, ein spelemann frå Steindalen i Flora som utvandra til Kent i Washington.