Bli med på ei musikalsk reise i det norske Amerika! Spelekvinnene Laura Ellestad og Beth Hoven Rotto tar deg inn i tonane og historiene til norske utvandrarar som busette seg i Øvre Midtvesten i USA - som består av blant anna delstatar Iowa, Minnesota og Wisconsin. Folkemusikalsk gitarist Magnus Wiik spelar med. Naustedalen Spelemannslag avsluttar konserten og leiar inn til dans og samspel der alle er inviterte å vere med.
Program i Sersjantløa:
Kl. 18-19:30: Konsert med Laura Ellestad, Beth Hoven Rotto, Magnus Wiik og Naustedalen Spelemannslag
Kl. 19:30-21: Opent dansegolv og samspel - velkomen til å ta med dansesko og instrument!
Billettprisar:
Vaksen: 230kr
Honnør og student: 200kr
Årskort: 100kr (gyldig årskort må visast i resepsjonen)
Barn under 18: gratis (må framleis bestille billett)
Resepsjonen opnar kl. 17. Der kan ein også besøkje utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhalding i det norske Amerika.
Har du lyst å lære nokre slåttar frå det norske Amerika? Bli med på spelekurset tidlegare på dagen!
Laura Ellestad er ein prislønd kanadisk/norsk hardingfelespelar med røter i Valdres. I 2014 kom ho med si fyrste soloplate, «Valdresspel i Amerika», som vart nominert både til Spellemannprisen og Folkelarmprisen. Plata inneheld slåttar etter fem valdresspelemenn som utvandra til Amerika mot slutten av 1800-talet. Gjennom doktorgradsarbeidet hennar har ho forska på det norsk-amerikanske folkemusikkmiljøet i Midtvesten i fyrste halvdelen av 1900-talet. Ho har vore tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Universitetet i Søraust-Noreg campus Rauland sidan 2018.
Beth Hoven Rotto har spelt i folkemusikkgruppa Foot-Notes i Decorah i Iowa i over 30 år. Ho har blant anna spelt til lokale dansearrangement i Decorah som Nordic Fest og Highlandville Schoolhouse Dances, og på store nasjonale scener som Kennedy Center for the Performing Arts i Washington, D.C. Beth var student til den anerkjente norsk-amerikanske spelemannen Bill Sherburne, og ho har sjølv undervist lærlingar og studentar i kurs dei seinare åra. Beth Hoven Rotto har vore støtta av University of Wisconsin-Madison og American Scandinavian Foundation. I 2024 var ho med å utvikle utstillinga "Hand Me Down the Fiddle: Norwegian Fiddlers, Fiddles and Fiddle Tunes" hos Vesterheim Museum i Decorah.