Vi inviterer til familiedag med fokus på handverk! Dette kan du oppleve:
Smiing i smia med museumshandverkar Knut Arve
Aldersgrense 10 år - meld deg på i resepsjonen
Spikking i verkstaden med driftsteknikar Ole
Bogeskyting i Sersjantløa med museumsvertane Knut Arild, Per og Inger Marie

I tillegg til å prøve tradisjonelt handverk, kan du også vere med på andre aktivitetar:
Klappe museumsgeitene i tunet
Vere med på familieomvising i friluftsmuseet
Kverne korn med handkvern i eldhuset
Prøve uteleikar som ringspel og stylter
Teikne, spele brettspel og nyte medbrakt niste i Huus-stova. Vi har også sitteplassar ute.
Kikke inn i kvernhuset og stabburet
Prøve å bære vatn med ein vassele
Lage leikebåt
Utstilling
I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika.
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.
Museumsbutikk og noko å bite i
Museumsbutikken er open og her er sal av kioskvarer som is, brus, kaffi og kjeks. Nokre varer er gluten- og laktosefri. Spør i resepsjonen. På familiedagar og dagar med arrangement sel vi vaflar.
Vi har nokre sitteplassar i museumsbutikken. På dagar med arrangement kan ein også sette seg inn i Huus-stova. Når det er godt vær kan vi anbefale å finne ein av sitteplassane ute i tunet.
Velkomen til museet!