Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Sunnfjord Museum
To barn som står på stylte i museumstunet. I bakgrunnen er stabburet og to vaksne og eit barn.

Familiedag på Sunnfjord Museum - Leik og fritid

30. juni 10:00 - 17:00
Sunnfjord museum

I løpet av sommarsesongen inviter vi til fleire familedagar med aktivitetar ute og inne. Alle dagane har eit særskilt tema, og vi legg opp til både læring og leik for heile familien!

I samband med utstillinga vår FRITID vil den fyrste dagen ha fokus på leik og fritid. Vi har valt ut leikar og aktivitetar som har blitt leika av barn i lang tid, og funne fram aktivitetar som tidlegare var fritidsaktivitetar for både barn og vaksne.

Viste du for eksempel at du kan lage din eigen bondegard med konglar og anna du finn i skogen eller at eventyr også er for vaksne?

Vi har også kjøpt inn nye uteleiker som står i tunet heile denne dagen, du kan prøve deg med vasselen eller kvernsteinen og vi har familieomvisingar i Østenstadstova og skulen. Det blir også omvising i utstillinga vår FRITID. I museumsbutikken får du kjøpt is, kaffi og vaflar.

Program

11.00 - 17.00 Utleiker og aktivitetar i tunet. Du kan mellom anna lage kongledyr og binde blomekransar. Uteleikene står ute frå 10.00
12:00 Familieomvising i Østenstadstova og skulen
13.00 Forteljarstund i Østenstadstova, passar for alle
13.30 Omvising i utstillinga FRITID
14.00 Famileomvising Østenstadstova
14.30 Erotiske og litt skumlare eventyr i Østenstadstova. Passar for litt større barn og for vaksne.


Toppfoto: Line Hårklau/Sunnfjord Utvikling