Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/museumssondag_msf_01890_22150280.jpg.

Familiedag: Ull er gull!

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord Museum

Vi ynskjer velkomen til den siste familiedagen denne sommaren.
Denne dagen set vi fokus på eit viktig råmateriale; Ull!
Museumspedagog, Nina, vil vise deg korleis du kan karde ull, og spinning på rokk og handtein.
I Huus-stova kan du også prøve nålefilting, ein teknikk der ein nyttar ei nål til å karde og forme ulla.

Eit detaljert program for dagen kjem.

Hender som held på å nålefilte med ull.
Nålefilting er ein teknikk du kan prøve på familiedagen.

Vi har også andre aktivitetar på museet denne dagen.
Du kan:

- klappe museumsgeitene i tunet

- kverne korn med handkvern i eldhuset

- prøve uteleikar som ringspel og stylter

- kikke inn i kvernhuset og stabburet.

- prøve å bære vatn med ein vassele

- lage leikebåt.

Utstilling

I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Spelemenn og sognekjerringar: underhaldning i det norske Amerika
Utstillinga er laga i samband med utvandrarjubileet 2025, og presenterer utvandring frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn til USA og Canada gjennom historier om norsk-amerikanske musikarar og komikarar med bakgrunn i gamle Sogn og Fjordane fylke.

Museumsbutikk og noko å bite i

Museumsbutikken er open og her er sal av kioskvarer som is, brus, kaffi og kjeks. Nokre varer er gluten- og laktosefri. Spør i resepsjonen. På familiedagar og dagar med arrangement sel vi vaflar.
Vi har nokre sitteplassar i museumsbutikken. På dagar med arrangement kan ein også sette seg inn i Huus-stova. Når det er godt vær kan vi anbefale å nytte ein av sitteplassane ute i tunet.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. februar — 31. mai
tysdag til fredag 10:00 - 15:00
Vi held stengt dei raude dagane i påske og i mai.

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Honnør/Student: 100 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde