Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/jul/jul-i-plasstova.jpg

Sundagsope: Juleutstilling og førjulstid på museet

Tidspunkt -
Stad Sunnfjord museum

Vi lagar julestemning i Movika, og inviterer til ny juleutstilling, julepynta hus og julestemning i tunet!

Den nye juleutstillinga tek særlig føre seg forbredingane før jul i det gamle bondesamfunnet, men også andre tradisjonar. Kanskje får du svar på spørsmål om kvifor nokre av juletradisjonane dine er som dei er?

Billettar

Vaksen, student, honnør: kr 75
Barn, frå 6 år: kr 25
Famile (to vaksne og barn) : 200 kroner

Som del av utstillinga er det også fleire aktivitetar, og du kan lage julekort, julebukkmasker og julepynt. Du kan høyre meir om utstillinga på Sogn og Fjordane i dag

Ute i tunet har vi pynta til jul i stova på husmannsplassen og i Østenstadstova og du kan sjå korleis det såg ut til jul på 1800-talet. Klokka 13.00 kan du bli med på omvising i dei to julepynta stovene.

jul i Østenstadstova 2022
Østenstadstova er pynta til jul som det kunne sjå ut på tidlig 1800-tal
Julepynta hus. Husmannsplass. Vidauge er dekt med rim. Mat og lys på bordet.
I stova på husmannsplassen har vi gått litt fram i tid og du kan oppleve jul på 1870-talet.

Vi håpar eit førjulsbesøk i Movika både er interessant, og avslappande i ei elles travel førjulstid.

Opningstider

Du kan også sjå utstillinga og besøke oss tysdag til fredag 10.00 -15.00, og kvar sundag 12.00 -16.00 fram til 18. desember. 

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. september — 20. desember
tysdag–fredag kl. 10–15

Prisar

  • Vaksne: 110 kr
  • Honnør/Student: 80 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde