Vi lagar julestemning på museet og inviterer til julepynta hus i tunet.
Husmannstova og Østenstadstova er pynta til jul, og gjev deg eit inntrykk av korleis det såg ut til jul på 1800-talet. Kl. 12 og kl. 14 kan du få omvising i dei to stovene.
I utstillingssalen kan du sjå utstillinga Skakke folkedrakter. I tillegg til dei utstilte verka kan du prøve å flette ulike band og teste dine eigne haldningar til bunad- og koftetradisjonar i meiningsbarometeret EINIG/UEINIG.
Museumsbutikken er open med julevarer, og sal av kaffi, gløgg og pepperkaker.
Eit meir detaljert program for dagen kjem.
Vi håpar eit førjulsbesøk i Movika både er interessant og avslappande i ei elles travel førjulstid.