Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/utstilling/skakkefolkedrakter/skakke-folkedrakter---detalj-fra-lin-wang_bunad-tattoo-shop_foto-annar-bjorgli_nasjonalmuseet.jpg

Skakke folkedrakter -ikkje ei drakutstilling

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord museum

Tradisjonsplagg og symbol kan skape sterke kjensler av å høyre til, men også av utanforskap. I utstillinga Skakke folkedrakter har seks samtidskunstnarar utforska, og utfordra, draktskikkar, identitet og handverkstradisjonar.

Skakke folkedrakter er ei turneutstilling produsert av Nasjonalmuseet. Dei seks kunstartane Márjá Karlsen, Harald Beharie, Rafiki, Lin Wang, Håvard Kranstad og Christian Blandhoel har dukka ned i ulike handverksuttrykk og kulturar saman med tradisjonshandverkarar og kunnskapsberarar,

Resultatet er verk som både heidrar tradisjonane, men også provoserer og stiller spørsmål. Kunstuttrykka er varierte -  du møter fotografi, keramikk, video, vev, støymusikk og dans.

Gul maske i perlearbeid. Verk av Rafiki, del av utstillinga Skakke folkedrakter
Frå verket "Alene sammen, som perler på en snor" av Rafiki. Ho utgangspunkt i den estetiske og filosofiske kunnskapen om folkedrakttradisjonar i Sápmi, Noreg og hos lubafolket i Kongo. Arbeidet handler om å forstå kva kulturar har felles, og korleis vi som samfunn og individ er sett saman av ulike kulturelle element som er i bevegelse og stadig dannar nye heilskapar.

Utstillinga er ein hyllest på lik linje med eit opprør. Utgangspunktet er drakter, men ikkje i form av ei draktutstilling med materielle drakter. Draktene blir symbol og idear som har vore med forma vår tid, sjølvforståing og historie. I utstillinga blir publikum invitert til å også undersøke sine eigne førestillingar og idear om drakt, tradisjon og sjølvforståing.

"Selv om «Skakke folkedrakter» er en liten utstilling, går jeg ut med en følelse av å ha opplevd utrolig mye – sterke verk, interessante tanker og vanskelige spørsmål! Dette er en utstilling jeg varmt anbefaler." skriv Mona Pahle Bjerke i NRK si anmelding av utstillinga.

Marja Karlsen er ein av kunstnarane i Skakke folkedrakter. Du kan lese, og høyre meir om kunstarane og verka på Nasjonalmuset sine nettsider

Skakke folkedrakter opna på Valdres museum 17. juni 2023. Prosjektet blei starta som del av Nasjonalmuseet sitt arbeid med Skeivt kulturår, og er utvikla saman med Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt, museum og visningsstader.

Du kan sjå utstillinga på Sunnfjord Museum i perioden 19. november 2023 til 17. mars 2024. Det er tredje visinigsstad i turneen på tvers av Noreg og Sápmi.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

1. september — 15. desember
tysdag–fredag kl. 10–15

Siste opningsdag i 2023: 20 .desember kl. 10 - 15
Ordinære opningstider:
tysdag-fredag kl. 10-15

Prisar

  • Vaksne: 110 kr
  • Honnør/Student: 80 kr
  • Born 0-17 år: Gratis
  • Gruppe (min. 15 pers)*: Ta kontakt for pris

Her er vi

Sunnfjord Museum
Jølstravegen 107
6819 Førde